Kontakt oss Ledige stillingar

Innskriving

Innskriving til grunnskulen

Alle føresette som har barn som skal byrje i grunnskulen august 2024 skal motta vedtak om innskriving i løpet av november. Dette gjeld barn født 2018 og evt. barn med vedtak om utsett skulestart. I dette vedtaket vil det bl.a bli gjeve melding om kva skule eleven er innskriven ved.

Føresette som ikkje har motteke brev med vedtak frå skulen, og elevar som flyttar til kommunen i tida fram mot skulestart, tek kontakt med Gol skule. Dette for at alle elevar som skal byrje ved grunnskulen skal få vedtak om innskriving.

Heimane vil få tilsendt informasjon om besøk på skulen for barna og om foreldremøte i løpet av vårhalvåret.

Det vil kome meir informasjon etterkvart.
Har de spørsmål ta kontakt med Gol skule på tlf 32 02 92 40.

Framskunda skulestart

Dersom foreldra søkjer om dette eller samtykkjer i det,kan kommunen etter sakkyndig vurdering frå Pedagogisk psykologisk teneste (PPT) vedta at barnet skal ta til på skulen eitt år før, dersom barnet innan 1. april har fylt 5 år.

Prossesen er slik at foreldra sender søknad til rektor.
Rektor innhentar sakkyndig vurdering frå PPT.
Enkeltvedtak blir fatta av rektor.

Kva skal følgje søknaden:

  • Grunngjeving frå føresette.
  • Eventuell annan dokumentasjon.

Det er PPT som skal greie ut saka. Utfallet vil vere avhengig av den sakkyndige tilrådinga frå PPT.

Utsett skulestart

Dersom det etter sakkunnig vurdering er tvil om eit barn er kome langt nok i utviklinga si til å starte i skulen, har barnet rett til å utsetje skulestarten dersom foreldra krev det.

Prossesen er slik at foreldra sender søknad til rektor.
Rektor innhentar sakkyndig vurdering frå PPT.
Enkeltvedtak blir fatta av rektor.

Kva skal følgje søknaden:

  • Grunngjeving frå føresette.
  • Eventuell annan dokumentasjon

Prosedyre for søknad om utsett skulestart
Borna blir observerte/vurderte:

  • av føresette
  • av personellet på skulen ved innskriving i skulen
  • av lærarane på førskuledagane i skulen
  • av barnehagen
  • av helsestasjonen

Pedagogisk-psykologisk teneste (PP-tenesta) skal greie ut saka. Utfallet vil vere avhengig av fråsegnene til PP-tenesta.

Klage ved fremskunda/utsett skulestart

Fristen for å klage er tre veker frå du mottok vedtaket.

I klaga gjer du greie for kva du vil ha endra og grunngjer dette. Kommunen kan gje rettleiing ved behov.

Send klaga til den instansen som fatta vedtaket. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom vedtaket ikkje vert endra, blir klaga sendt vidare til kommunen sin eigen klageinstans, eller til Fylkesmannen i dei høve dette er klageinstansen.

Du vil motta informasjon om klagebehandlinga når saka er ferdig

Aktuelle linkar

Opplæringslova § 2-1 (lovdata.no) (Rett og plikt til grunnskuleopplæring)