Kontakt oss Ledige stillingar

Den kulturelle skulesekken

Kontaktperson i Gol kommune er ungdomskonsulent Anette Black - tlf. 32 02 90 40

Den kulturelle skulesekken (DKS) er ei nasjonal satsing som skal bidra til at elevar i grunnskulen får møte profesjonell kunst og kultur av alle slag.

I Gol kommune samarbeider grunnskule, kulturskule, barnehage, bibliotek og kulturavdeling om kulturtilbod til skuleelevar og barn i barnehagen.

Avdeling for kultur er koordinator for dette samarbeidet og kommunekontakt for DKS. Ved kvar skule er det ein kulturkontakt blant lærarane.

Kommunen har vedtatt handlingsplan for DKS, og kvart skuleår blir det gjennomført prosjekt med forankring i denne handlingsplanen.

Våren 2013 vart det sett i gang eit arbeid med å revidere strategiplanen for Gol. Planen skal opp til politisk behandling i Utval for kultur og levekår hausten 2013.

Den kulturelle skulesekken (denkulturelleskolesekken.no)

DKS - Buskerud (denkulturelleskolesekken.no)