Kontakt oss Ledige stillingar

KRL faget - melding om fritak

Kristendoms-, religions- og livssynskunnskap (KRL) skal vere eit fellesfag for alle elevar, uavhenging av religiøs eller livssynsmessig bakgrunn. Undervisninga i faget skal ikkje vere forkynnande.

Elevar skal etter skriftleg melding frå foreldra få fritak frå dei delane av undervisninga som foreldra eller eleven ut frå eigen religion eller eige livssyn opplever som utøving av annan religion eller tilknyting til eit anna livssyn, eller som dei opplever som støytande eller krenkjande.
Elevar som har fylt 15 år kan sjølve gi skriftleg melding utan samtykke frå foreldre/føresette.

Trass i at det er forbod mot forkynning i skolen, kan det oppstå situasjonar som somme foreldre eller elevar opplever som problematiske.
Fritaksretten gjeld alle skulefag. Skulen skal kvart år informere elevane og foreldra om reglane for fritak.