Kontakt oss Ledige stillingar

Klage

Klage på vedtaket skal sendast innan ein frist på tre veker frå vedtaket vart motteke.

Klagen skal sendast til skulen som har fatta vedtaket.

I klagen skal ein oppgi kva ein ønskjer endra i vedtaket, og grunngi det. Kommunen kan hjelpe til med å skrive klagen.

Klageinstansen er Statsforvaltaren. Før klagen blir send dit, skal skolen som fatta vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir oppretthalde, vil saka bli send til Statsforvaltaren for klagebehandling.

Det skal sendast tilbakemelding om utfallet av klagebehandlinga enten frå Statsforvaltaren eller frå skulen.