Kontakt oss Ledige stillingar

MOT

MOT er ein haldningsskapande organisasjon som jobbar for og med ungdom. MOTs mål er å bidra til robuste ungdommar og trygge ungdomsmiljø. MOT trur på å arbeide i forkant. Robuste ungdommar som trur på eigne krefter og tek medvitne val førebygger mobbing, rusmisbruk og psykiske helseproblem.

MOT’s VERDIAR

  • MOT til å leve – handlar om å vere snill med seg sjølv – ta vare på og pleie seg sjølv like mykje som vi tek hand om medmenneska våre. Dersom vi ikkje tek vare på oss sjølv blir vi dårlegare til å ta vare på andre. Torer ta sjansar, og viss ein fell så er det berre å reise seg igjen. Viss ein set livet på vent, er det ikkje sikkert ein rekk å leve det før det er for seint. Det er viktig å ha MOT til å leve livet – kvar dag.
  • MOT til å bry seg – handlar om å vere eit medmenneske. Det handlar om å bry seg om eit anna menneske for det andre mennesket si skyld og ikkje utelukkande for å gi sitt eige liv innhald og sin eiga sjel næring. Nokre gongar kjennest det ikkje naturleg å bry seg. Nokre gongar er det skummelt å bry seg.
    Mot til å bry seg handlar om å risikere noko sjølv.
  • MOT til å seie nei – handlar om å ta eit eige standpunkt, tørre å stå for det ein meiner. MOT til å seie nei handlar om å ta vare på seg sjølv. Mange forbind det å seie nei med noko egoistisk, men viss ein ikkje klarer å seie nei vil ein gå på sparebluss til slutt. Viss ein har MOT til å seie nei opnar det seg kanskje moglegheiter du ikkje så tidlegare. MOT til å seie nei, kan gi MOT til å seie ja til noko anna, kanskje noko enda betre. MOT til å seie nei handlar om å ta MEDVITNE val.

MOT utviklar motstandskraft mot risikofaktorar.