Kva kostar tenesta?
Renovasjonsgebyret sendast ut saman med dei kommunale gebyra.
Mva. kjem i tillegg til oppgitte prisar | |
Dunkrenovasjon | kr. 4500,- |
Renovasjon dunk stor | kr. 6666,- |
Containerrenovasjon | kr. 4237,- |
Hytte-/ stølsrenovasjon | kr. 2444,- |
Utvida henteavstand | kr. 470,- |
Heimekompostering gir 15 % reduksjon av gebyret.
For hytte-/stølrenovasjon gis det ikkje reduksjon.
Beregning av kommunale avfallsgebyr (PDF)
Det har ikkje blitt tømt hos oss
Det kan vere fleire grunnar til at dunken ikkje er tømt:
- Står dunken din meir enn 5 meter frå vegen?
- Er dunken overfylt?
- Er det feil type avfall i feil dunk?
- Er det forsvarlig måka og/eller strødd?
- Står dunkane lett synleg?
- Har du satt fram dunken i rett tid? Setter du frem dunken på tømmedag, skal den settas fram før klokka 06.00.
Er alt i orden og renovasjonsbilen likevel ikkje har vore hos deg, ta kontakt med Hallingdal renovasjon.
- Telefon: 32 08 61 10
- E-post: firmapost@hallingdalrenovasjon.no
Eg treng å bestille avfallsdunkar
Nye abonnentar som treng avfallsdunkar, må ta kontakt med kommunen. Det blir utlevert dunkar ved bruksløyve/ferdigattest av nye bustader.
- Telefon: 32 02 90 00
- E-post: postmottak@gol.kommune.no
Eg manglar sekk til plastavfallet
Det vert køyrt ut plastsekkar om våren. Dersom du treng fleire får du det på det lokale avfallsmottaket i Klemmavegen.
Eg treng større dunk
Treng du fleire eller større avfallsdunkar kan du få det.
- Ønskjer du større dunk til restavfallet ditt, kan du få dette mot eit auke i renovasjonsgebyret. Ta kontakt med kommunen (gol.kommune.no).
- Ønsker du større dunk til papir/papp eller glas/metall, kan du få dette gratis. Ta kontakt med Hallingdal renovasjon (gol.kommune.no)
Containerrenovasjon/hytterenovasjon
Rundt om i kommunen er det plassert containerar/molokar eller liknande til bruk for bustader med bringeordning og for kommunens hytter. Containerane kan kun nyttast til hushaldningsavfall.
Abonnentar med dunkrenovasjon kan ikkje nytte desse plassane.
Kan eg få fritak frå renovasjonsordninga?
Det er felles retningsliner for fritak som er retningsgivande om du kan få fritak.
Søknadsskjema - Renovasjon (PDF)
Vedtak fatta etter retningslinjene er å sjå på som enkeltvedtak og kan påklagast i henhald til klagereglane i forvaltningslova.
Heimekompostering
Felles retningslinjer for fritak er retningsgivande for å få redusert gebyr ved heimekompostering.
Håndbok i heimekompostering (gir.hm.no)
Kan eg dele avfallsdunkar med naboen?
Ja, viss du ønsker å dele dunkar med naboen, kan du ta kontakt med Hallingdal renovasjon (gol.kommune.no)
Fleire spørsmål?
På Hallingdal renovasjon IKS sine nettsider finner du fleire spørsmål og svar (hallingdalrenovasjon.no).
Du kan og følgje dei på Facebook (facebook.com).