For kven?
Alle bustader, næringseigedommar og offentlege bygg i Gol skal ha vassmålar installert. Vassmålaren gir grunnlag for berekning av årsgebyr for vatn og avløp.
Fritidseigedommar skal betale etter stipulert eller målt forbruk. Både abonnenten og kommunen kan krevje det skal installerast vassmålar. Dersom vassmålar er installert, skal det fakturerast etter målt forbruk.
Avlesing av vassmålar - Nytt frå 2024
Gol kommune har teke i bruk vassmåleravlesing på SMS.
SMS blir send ut frå eit 14-siffera nummer.
Du vil bli bedt om å svare på SMS-meldinga og oppgje målarstand på din vassmålar.
Har du ikkje oppgitt mobiltelefonnummer, vil vi sende ut avlesingskort digitalt via Altinn eller Digital postkasse (Digipost).
Dei me ikkje når via SMS, Altinn eller Digipost vil få avlesingskortet i posten.
Her ber vi deg om å oppgje mobilnummer, slik at vi ved neste avlesing kan sende deg SMS.
Har du ikkje oppgitt mobiltelefonnummer må du rapportere inn vassmålarstand til leseav.no, eller frankere og returnere avlesingskortet i utfylt stand til Gol kommune, Gamlevegen 4, 3550 Gol.
Du kan og sende det inn til vannmaler@gol.kommune.no, eventuelt levere det på kommunehuset på Gol.
Spørsmål om vassmåleravlesing må rettast til vannmaler@gol.kommune.no eller til Gol kommune på telefon 32 02 90 00.
Kommunen vil ved neste utsending av varsel bruke det mobilnummeret du svarte via, eller eventuelt det mobilnummeret du oppgir saman med avlesinga på leseav.no, eller på svarslippen.

Registrering av mobiltelefonnummer
Det finst fleire offentlege register der du kan registrere mobiltelefonnummeret ditt. Det er og oppretta eit register knytt til SMS-tenesta.
Her er to alternativ du kan bruke for å registrere mobiltelefonnummeret ditt:
Bedrifter
Bedrifter må registrere nøkkelpersonar ved å gå inn på varslemeg.no, fordi telefonnummer til bedrifter ikkje kan hentast frå andre kanalar.
Frist for avlesing
Fristen for å lese av og melde inn vassmålarstanden er 31. desember kvart år.
Kva skjer viss du ikkje leser av vannmålar?
Dersom du unnlet å lese av vassmålaren vil kommunens røyrleggjar foreta avlesinga. Arbeidstid/reisetid vil då bli belasta.
Dersom avlesinga må utførast etter ordinær arbeidstid vert det nytta overtidssats.
Ordinærtimesats = kr. 800,- + mva.
Følg med på vassmålaren
Hugs å lese av målaren fleire gonger i året, slik at du kan avdekke ein eventuell vasslekkasje eller feil på målaren.
Vassmålarregistreringsskjema (PDF)
Lekkasje
Det er viktig å kontrollere at vatn ikkje lekk ut gjennom kraner som drypp eller toalettsisterner som står og renn.
Når det ikkje vert tappa vatn, skal visarane på vassmålaren stå stille.
Beveger visarane seg sjølv om alle vassforbrukande installasjonar er stengt, skuldast det sannsynligvis lekkasje.
Ved mistanke om lekkasjar, ta kontakt med rørleggjar for lokalisering og utbetring.
Vassforbruk gjennom målar som skuldas lekkasje på privat sanitæranlegg er huseigars ansvar.
Kostnad ved smålekkasjer (PDF)
Ved jamn kontroll blir lekkasjar og utilsikta renning av vatn oppdaga på eit tidleg tidspunkt. Meirkostnaden blir minimal.
Regelen er at med vassmålar betalar abonnenten for brukt vatn, og for påfølgjande utslepp av avløpsvatn.
Korleis vert det fakturert?
Alle gebyr skal innbetalast forskotsvis, på grunnlag av eit stipulert forbruk.
Når forbruket målast, skal kunden betale for det forbruket som har passert målaren i avrekningsperioden, innbetalt forskot for same periode kjem til fråtrekk.
Installasjon
Ta kontakt med autorisert røyrleggerfirma.
Registreringsskjema til bruk ved installering av ny vassmålar (PDF)
Rettleiar ved installasjon av vassmålar (PDF)
Kva kostar det?
Huseigar betaler for arbeidet med installering av vassmålar.
Alle kostnader til kjøp, vedlikehald og rutinemessig utskifting av målaren dekkes via dei årlige vatn- og avløpsgebyra.
Vassmålaren er kommunens eigedom.
Seksjonerte eigedommar
Ved seksjonering av eldre bygg er det ikkje alltid mogleg å sette inn vassmålar i kvar enkelt ny eigarseksjon.
Abonnentar som samarbeider om felles vassmålar, er solidarisk ansvarlege for gebyra.