I den nye forskrifta er det risikoen for brann ved kvart enkelt fyringsanlegg som skal leggjast til grunn for kor ofte feiing og tilsyn skal gjennomførast.
I tillegg vart alle fyringsanlegg omfatta av forskrifta, det betyr at alle fritidsbustader, hotell og næringsbygg også skal ha tilsyn og feiing dersom dei har eit fyringsanlegg.
Endringar for bustader
Ei utredning og risikovurdering som vart gjort i alle Hallingdals kommunane i 2016 viser at det skal gjennomførast feiing og tilsyn minimum kvart 8. år, og oftare dersom risikoen tilseier det.
Feiaren kartlegg risikoen for kvart enkelt fyringsanlegg/bustad etter alder og tilstand på anlegget, etter fyringsmønster, sotmengde og liknande.
Endringa for bustadeigarane blir derfor at feiaren kan komme sjeldnare eller oftare enn før.
Endringar for fritidsbustader
Endringar i forskrifta medfører betydelege endringar sidan alle fritidsbustader no er omfatta av forskrifta. I våre kommunar er det vesentleg fleire fritidsbustader enn bustader.
Ei utfordring med dette er at fritidsbustader stort sett berre vert nytta i helgane og i feriane.
Det blir vanskeleg for kommunen å utføre feiing og tilsyn berre i helgar og feriar.
Dersom me skal rekke over alle, er me avhengig av å jobbe i vekedagane.