Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Radon

Kva er radon

Radon er ein usynleg og luktefri edelgass som blir danna ved nedbryting av grunnstoffet radium. Av radon blir det danna såkalla "radondøtrer". Ved innanding kan desse feste seg til bronkiane og luftvegen og gi helseskadeleg stråling. Høge konsentrasjonar innandørs kan vere ei medverkande årsak til auka risiko for lungekreft.

Radongass kan kome inn i bustader gjennom sprekker eller hol i kjellargolv, grunnmur, rundt rørgjennomføringar, sluk osb.

For alle nybygg skal det setjast i verk tiltak som hindrar inntrenging av radongassar.

Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet anbefaler alle å måle radon i heimen sin. Å måle radon er både enkelt og rimeleg. Mål i minst to opphaldsrom i bustaden, for eksempel stue og soverom. Har bustaden fleire etasjar måler du minst i eit opphaldsrom i kvar etasje.

Kven målar radon?

Måling av radon i bustad utførast med langtidsmåling med sporfilm. Målinga bør foregå over minst 2 månedar i vinterhalvåret. Miljøretta helsevern Hallingdal i tilbyr i samarbeid med Eurofins Radonlab radonmålingar til gunstig pris. Pris er kr. 190,- inkl. MVA per sporfilm. Frakt kjem i tillegg. Bestill på http://radonlab.com/hallingdal eller ta kontakt med Eurofins Radonlab på tlf: 21 96 03 50 (oppgi rabattkode «Hallingdal»)

Krav om radonsikring

Krav til radonsikring gjeld alle bygningar berekna for varig opphald - også hytter - ref. teknisk forskrift TEK17

Nye bygg

§ 13-5. Radon

  1. Bygning skal prosjekteres og utføres med radonforebyggende tiltak slik at innstrømming av radon fra grunn begrenses. Radonkonsentrasjon i inneluft skal ikke overstige 200 Bq/m3.
     
  2. Følgende skal minst være oppfylt:
    1. a) Bygning beregnet for varig opphold skal ha radonsperre mot grunnen.
    2. b) Bygning beregnet for varig opphold skal tilrettelegges for egnet tiltak i byggegrunn som kan aktiveres når radonkonsentrasjon i inneluft overstiger 100 Bq/m3.

  3. Annet ledd gjelder ikke dersom det kan dokumenteres at dette er unødvendig for å tilfredsstille kravet i første ledd.
Eksisterande bygg

Radon-membran kan også brukast innandørs for å tette mot grunnen. Dette kan vere vanskeleg etter som det er innfløkt å tette der deleveggar og andre konstruksjonar står. Det vil lett oppstå lekkasjar.

Det kan ventilerast i bustaden med ymse typar ventilasjon. Balansert ventilasjon eller lufteluker ved låge verdiar.

Radon-brønn; Det blir då ventilert i grunnen under huset, gassen blir fjerna før han kjem opp i bygget.

Eksterne nettstader med informasjon

Radonkart for Hallingdal (mhvh.no)

Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet Radon - DSA

Kontaktinformasjon

Miljøretta helsevern
Telefon: 409 09 256 eller 409 09 257
E-post: mhvh@hallingdal.no
Nettside: www.mhvh.no