Postlista er tilgjengeleg via nettstaden Elements publikum i 2 år.
Dokument på offentleg postliste publiserast ikkje i fulltekst. Politiske saksdokument er tilgjengelege i fulltekst.
Bestilling av innsyn i offentleg postliste via Elements publikum
Rettleiing:
- Gå inn på postlista og klikk på dokumentet du vil bestille.
- Trykk på knappen «Bestill innsyn».
- Gå til symbolet «handlekurv» nederst i venstremenyen.
- Fyll inn navn og e-postadresse og klikk på knappen «Send bestilling».
- Til slutt må du verifisere bestillinga. Du mottek ein e-post til den e-postadressa du oppga i bestillinga.
Meir om fristar for behandling av innsyn under behandling av innsynsførspurnadar.
Finn du ikkje dokumentet, kontakt postmottaket via send sikkert til kommunen eller e-post til postmottak@gol.kommune.no.
Bruk funksjonen send sikkert til kommunen viss førespurnaden inneheld personlege opplysningar.
Innhald i offentleg postliste
Postlista inneheld sakstitlar og inn- og utgåande dokument ført i kommunen sine sak/arkivsystem.
Kontroll av offentleg journal og postliste
Kontroll og kvalitetssikring av saker, journalpostar og dokument skal sikre at journalen er ført etter dei krav som er stilt i lov og forskrift og at personvern er ivareteke. Intern prosedyre for kontroll og kvalitetssikring vert beskriven i Gol kommune sitt internkontrollsystem. Arbeidet utførast av arkivtenesta.
Kva inneberer kvalitetskontroll?
Å kontrollere:
- at sak og journalpost er journalført etter gjeldande interne rutinar.
- at tittel på sak, journalpost og dokument og vedlegg er beskrivande, søkbar og forståeleg for allmenta.
- at opplysningar om avsendar og mottakar er ført korrekt.
- om det er behov for skjerming av sakstittel og journalposttittel og avsendar eller mottakar viss det er en offentlegheitsvurdering på dokumentet.
- at saksframlegg er journalført slik at hoveddokument og vedlegg publiserast på sakskartet til politiske møte.
Om innsyn
Offentleglova skal sikre offentleg innsyn i forvaltninga sine saksdokument. Alle kan søke innsyn. Du kan være anonym og treng ikkje å grunngje kvifor du ber om innsyn.
Dokument kan unntakast offentleggjering etter lov og forskrift, og meiroffentlegheit vurderast ved innsynsførespurnad.
Rettleiar til offentleglova (regjeringen.no)
Behandling av innsynsførespurnadar
Vi behandler førespurnaden innan ein til tre verkedagar. Ved større førespunader kan det ta lengre tid. Då vil du motta eit førebels svar.
Politiske saker og møtedokument er tilgjengelege som fulltekstdokument via møtekalenderen i Elements publikum.
Partsinnsyn etter forvaltningsloven
Etter forvaltningslova har partane i ei sak rett til innsyn i dokumenta i saka. Dette gjeld og taushetsbelagte opplysningar.
Eksempel på opplysningar: dokumentasjon frå skule og barnehage, søkerlister, personalmappe, byggesaker, kommunale avgifter.
Bestilling av dokument ved partsinnsyn
Bruk funksjonen send sikkert til kommunen som du finn på heimesida vår. Du kan også sende førespurnad på papir med kopi av gyldig legitimasjon.
I bestillinga må du spesifisere kva du ber om innsyn i: kva for opplysningar, årstal eller tidsrom, anna nyttig informasjon og kontaktinformasjon.
Digital sikker sending, og krav om fullmakt eller legitimasjon
Sensitive dokument sendast til di digitale postkasse.
Har du reservert deg mot digital post, sender vi dokumenta som rekommandert brev. Sending eller henting av dokument kan berre skje om vi har motteke kopi av gyldig legitimasjon.
Bestiller du dokument for andre, krev vi fullmaktskjema frå den du bestiller for.
Pasientjournal
Du har rett til innsyn i eigen pasientjournal. Næraste pårørande kan i einskilde tilfelle få innsyn. Meir informasjon finn du på helsenorge.no. Førespurnad sender du til kommunen via send sikkert til kommunen.
Innsyn i offentleg journal
Ynskjer du innsyn i dokument som ikkje publiserast på den offentlege postlista, kontakt postmottaket direkte. Nytt send sikkert til kommunen for slike førespurnader.
Arkivdelar i Gol kommune
Ein arkivdel er ein avgrensa del av arkivet som inneheld dokument og informasjon for eitt bestemt område. Einskilde arkivdelar frå sak/arkiv systemet og andre fagsystem publiserast ikkje på heimesida. Til dømes kan det væra arkivdelar som inneheld dokument knytta til rettigheitsdokumentasjon eller internkontrollsystem.