Kva er mi sak?
Innbyggjarinitiativ er ei lovfesta ordning som gir kommunens innbyggjarar rett til å fremje saker til politisk behandling.
Kravet er mellom anna at minst 300 innbyggarar støtter saka med sine underskrifter.
Du har likevel ikkje krav på noko bestemt utfall av saka.
- Nettportalen mistak.no gjør det mogleg både å fremje saker og samle underskrifter.
- Veileder om innbyggerinitiativ (regjeringen.no)
Kven kan fremje saker
Alle som bur i kommunen saka gjeld kan fremje eller skrive under på ei sak. Ungdom under 18 år kan også fremje saker.
Kva saker kan eg fremje
Du kan fremje saker som gjeld kommunens verksemd.
Kva saker kan eg ikkje fremje
- Saker som allereie er behandla av kommunestyret i løpet av valperioden.
- Saker med same innhald som eit tidligare innbyggjarinitiativ.
Når må saka behandlast
Kommunestyret skal ta stilling til saka seinast seks månader etter at den er motteken.