Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Handlingsplan

Om handlingsplan for landbruket

Planen skal synleggjere landbruksnæringa sitt mangfald i høve til lokal verdiskaping, sysselsetjing, busetnad og kulturlandskap.

Planen skal vidare stimulere til syssesetjing og eit aktivt framtidig landbruksmiljø i kommunen. 

Handlingsplan for landbruket (PDF) er vedteke 07.09.2010 i kommunestyret i sak 50/10.

Varsel om start av handlingsplan for landbruket i Gol

Gol kommune skal utarbeide ny handlingsplan for landbruket i Gol. Den vil erstatte Revidert handlingsplan for landbruket i Gol, vedteken i kommunestyret 07.09.2010. Gol kommune varslar med dette start av arbeidet.

Handlingsplanen er ein fagplan. Den skal ta opp nasjonale føringar og konkretisere lokale mål for landbruket i Gol. Planen skal vere eit styringsverktøy for administrasjonen og for politikarar. 

Hovudmålet med arbeidet vil vere å legge til rette for utvikling av landbruket på Gol, med satsingsområde og tiltak som landbruksnæringa og kommunen kan samarbeide om.

Det vil og vere viktig å dra inn kryssande interessefelt som turisme og jakt. Landbruk er ein arealkrevjande næring og det kan fort oppstå interessekonfliktar om ein ikkje samarbeider på tvers.

Tema som kan vere aktuelle i planarbeidet er:

  • Konkurransedyktig landbruksrelatert næring
  • Berekraftig landbruk
  • Jordvern
  • Bruksstruktur og leigejord
  • Rekruttering
  • Skogbruk
  • Kryssande interesser innan same areal