Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Legetenesta

Nasjonalt legevaktsnummer 116 117.

Ring 113 når det er akutt og står om liv.

Gol legekontor - telefontid

Tlf: 32 02 92 00
Alle kvardagar kl. 08:30 - kl. 15:00 (tysdagar kl. 9:15 - kl. 15:00)
Telefonen er stengt mellom kl. 12:00 - kl. 13:00

Vi ber deg ringe før du kjem.

Adresse:

Kommunelegekontoret

Gamlevegen 4, 3550 GOL

Opningstider - Gol legekontor
Måndag kl. 08:00 - kl. 15:30
Tysdag kl. 09:00 - kl. 15:30
Onsdag kl. 08:00 - kl. 15:30
Torsdag kl. 08:00 - kl. 15:30
Fredag kl. 08:00 - kl. 15:30

Alle må ringe legekontoret 32 02 92 00 på forhånd for avtale.
Etter kl. 15.00 ring 116 117.

Bruk antibac før du går inn på venterommet.

Legevaktordning

Vi har inngått eit samarbeid med Nesbyen kommune om legevakt frå august 2024.

Målsettinga er å sikre god dekning på legevakt for innbyggarane våre, og samtidig gi mindre vaktbelastning på legane. 

For deg som innbyggar og pasient er det viktig å vite følgande: 

  • Legevakttelefonen er uendra, telefonnummer 116 117.
  • Daglegevakta vert uforandra i kvar enkelt kommune.
  • Nattlegevakta vil framleis ha base på Ål. 
  • Legevakt på kveld og i helg har base hos den legen som har vakt. Det vil seie at legane frå Nesbyen har base på eige kontor på Nesbyen. Legene på Gol har base på eige kontor på Gol. Dette betyr at pasientane frå Gol må reise til Nesbyen når det er Nesbyen som har legevakt.

I praksis vil dette bety at viss du ringer legevakt på kveld eller helg (tlf. 116 117), vil du få beskjed frå legevaktsentralen kven som har legevakt og i kva kommune du skal møte. 

Denne ordninga skal sikre at kommunane alltid har lokale legar på vakt.

Fastlegeordninga og liste over fastlegar

Du kan få meir informasjon om fastlegeordninga på helsenorge.no eller ved å ringe 800 43 573.

Legetenesta i Gol kommune har følgjande fastlegar

Kommunelegekontoret:

  • Lars Christian Sandaker
  • Eivind Vedvik
  • Frode Emil Frøyland
  • Christoffer Ellingsrud
  • Ashraf Pakzad
  • Heidi Thune Sandaker

Helge Anders Feet Allmennpraksis Gol:

Helge Anders Feet
Sentrumsvegen 101, 3550 Gol
Telefon: 32 07 51 40

Bytte av fastlege

Bytte av fastlege gjer du på helsenorge.no

Overleger

Kommuneoverlege

Frode Frøyland

Telefon: 40909270

Smittevernoverlege

Jagannivasan Thurainayagam

Telefon: 48336787

Turnuslegar

Vi har også turnuskandidat (LIS1-lege) som arbeider under veiledning.
Det kjem nye LIS1-legar kvar 1. september og 1. mars

Timebestilling og telefontid

Telefon: 32 02 92 00

Gje beskjed dersom du har endra adresse eller telefonnummer.

Telefontid

Telefontid må bestillast frå morgonen av den dagen du vil at legen skal kontakte deg. Telefontida er berekna på korte problemstillingar, ev. svar på prøver(etter avtale med legen).

Det er avgrensa kor mange telefonar legane kan svare per dag.
Derfor kan det ofte vere at vi ikkje har moglegheit til å tilby telefontid same dag som pasientane ringer, og kan heller ikkje love at legane ringer den dagen dei er sette opp, men at legane ringer så fort dei har moglegheit.

Konsultasjon, laboratorieprøvar og reseptar

Konsultasjon

Det er i hovudsak sett av inntil 20 minutt pr. konsultasjon. Har du eit meir samansett eller omfattande problem ber vi deg gi beskjed om det når du bestiller timen.

Fyrste gongs konsultasjon for gravide må be om dobbelt time.

Laboratorieprøvar

Blodprøvar, urinprøvar og anna kan takast utanom konsultasjon, men då mellom:

Måndag: kl. 08:30 – kl. 12:00 og kl. 12:30 – kl. 14:30

Tysdag: kl. 09:00 – kl. 12:00 og kl. 12:30 – kl. 14:30

Onsdag: kl. 08:30 – kl. 12:00 og kl. 12:30 – kl. 14:30

Torsdag: kl. 08:30 – kl. 12:00 og kl. 12:30 – kl. 14:30

Fredag: kl. 08:30 – kl. 12:00 og kl. 12:30 – kl. 13:30

Blodprøvar må takast før kl. 11:00 om dei skal sendast same dag.

Siste frist for blodprøvar er kl. 14:30 kvar dag utanom fredagar som er kl. 13:30.

Reseptar

Vi ber om at du fornyar resepten i god tid før du går tom for medisin.

Me har elektroniske reseptar, så bestilte reseptar kan no hentast direkte på apoteket.

Betaling og frikort

Betaling

Betaling skjer med Vipps eller bankkort. Du får SMS med link når du er ferdig med konsultasjonen. Dersom du betalar innan 48 timar, slepp du gebyr.

Betalingslenke kan sendast til pårørande eller førsette når du gir beskjed om det.

Du kan også få faktura.

Frikort

Mer informasjon på finn du på helsenorge.no/frikort

Kjernejournal

Kjernejournal er ein ny elektronisk løysning som samlar viktige helseopplysningar, og gjer dei tilgjengeleg for både innbyggjarane og helsepersonell.

Kjernejournalen skal sørgje for at fastlegen, helsepersonell på sjukehus, legevakt og spesialistar får tilgang til lik og oppdatert informasjon om pasienten. I situasjonsar der det hastar, kan rask tilgang til opplysningar gi betre behandling og i ytterste konsekvens redda liv.

For pasienten sjølv kan kjernejournal også bety betre innsikt i kva legemidler han eller ho skal bruke, og at ein kan leggje inn eigne registreringar om pårørande, sjukehistorie eller andre forhold av betydning for behandlinga.

Eit viktig formål med kjernejournalen er å unngå feilbehandling som følgje av manglande eller gale helseopplysningar.
Som innbyggjar finn du din kjernejournal ved å logge deg inn med din elektroniske ID på helsenorge.no.

Alle innbyggjerane oppfordrast til å gjere seg kjent med sin kjernejournal, og legge inn relevante opplysningar.

Doktor Feet sitt kontor

Kontoret er opent måndag, tysdag, torsdag og fredag. Onsdag er det stengt.

Adresse:
Helge Anders Feet Allmenpraksis Gol
Sentrumsvegen 101, 3550 Gol

Telefon: 32 07 51 40

Health services

The municipality offer various health services such as public health center, medical center, school health services and physiotherapy.

Visiting address to medical senter and public health center in Gol:

Name: Kommunelegekontoret

Street name: Gamlevegen 4

Postal code: 3550 GOL

Opening hours:

Lunch from 12.00 - 12.30 (12:00 PM - 12:30 PM)
Monday 08.00 - 15.30 (08:00 AM - 3:30 PM)
Tuesday 09.00 - 15.30 (09:00 AM - 3:30 PM)
Wednesday 08.00 - 15.30 (08:00 AM - 3:30 PM)
Thursday 08.00 - 15.30 (08:00 AM - 3:30 PM)
Friday 08.00 - 15.30 (08:00 AM - 3:30 PM)

All hours are in time zone GMT+2.

Phone number: +47 32 02 92 00.

If you are in need of medical help in the evening/night call 116 117.