Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Friskliv

Friskliv i Gol kommune

Friskliv i Gol kommune er ein kommunal helseteneste for innbyggarane i Gol. Tilbodet rettar seg mot personar som ynskjer å endre levevanar og betre helsa for den enkelte.
Det er eit lærings - og meistringstilbod for personar med lidelsar som har stor utbredelse i befolkninga.

Den er med på å styrke "brua" mellom medisinsk behandling og eiga meistring. Fokuset er å bidra til å auke meistring og fremja fysisk, psykisk og sosial helse.

Friskliv har ulike tilbod til barn, ungdom og vaksne. Her kan du være med på aktivitetar og få oppfølging tilpassa deg og dine utfordringar.

Tilbod på Frisklivssentralen
  • Fysisk aktivitet
  • Røyk - og snusavvenningskurs
  • Hjelp med endring av kosthold
  • Meistring av søvnutfordringar

Helserelaterte kurs i Hallingdal (hallingdal.paameldingssystem.no)

Frisklivssentralen har kontorer på Gol idrettsarena

Følg oss på facebook (facebook.com)

Følg oss på instagram Frisklivssentralen Gol

Tilvising og resept

Fastlege og anna helsepersonell kan henvise deg til friskliv.
Du kan også ta direkte kontakt med oss.
Ein resept varar i 3 månader og har ein eigenandel på 315 kroner. 

Tilsette og kontaktinformasjon

Fagleiar friskliv

Finn-Terje Bøe

Telefon: 470 10 583

E-post: finn-terje.boe@gol.kommune.no

Frisklivskoordinator

Anette Brøto

Telefon: 900 91 542

E-post: anette.broto@gol.kommune.no

Timeplan
Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag

Trening ute

09:00 - 10:00
Hallingmo

Styrketrening

09.00 – 10.00

Treningsrom opent frå kl. 08:00

Frisklivsvenner

Brukerstyrt gruppe på Tibia treningssenter

09.30-10.30

Trening ute

09:00 - 10:00
Hallingmo

 

 

Styrketrening

09.00 – 10.00

Treningsrom opent frå kl. 08:00

 

Kom i gang

Speilsalen

Gruppe

11.30 - 12.30

 

Kom i gang

Speilsalen

Gruppe

11.30 - 12.30

Veiledning i
trening på

Tibia
treningssenter

11:00 - 12.00

Klatring

Kl. 14.30 - 15.30

 Last ned timeplan som vedlegg (PDF)