Reinhald
Reinhaldet inneber vask av rom som er i dagleg bruk, støvsuging, golvvask, enkel støvtørking, vask av sanitær, sengeskift og vask av tøy. Det vert krevd eigenandel for praktisk bistand.
Det blir ikkje gjeve praktisk bistad til dette:
- storreingjering - rundvask
- reingjering av teppe - kun støvsuging
- reingjering av rom som ikkje er i bruk
- rydding og vasking av kjellar eller loft
- pussing av glas/vindu
- vask av altan eller terasse
- pussing av sølv, kopar, messing
- hogge eller bæra ved
- hagearbeid og plenklypping
- stell av dyr
- anna førefallande arbeid
Det blir ikkje gjeve praktisk bistand på helligdagar
Innkjøp av daglegvarer
REMA 1000 og Spar tilbyr heimkøyring av varer. Dette tilbodet får du når du har oppretta ein konto hjå ein av butikkane. Heimehjelpa vil kunne hjelpe deg med å bestille varene.
Vaktmeisterteneste
Bistand til nødvendig snømåking eller funksjonell tilrettelegging i huset.
Inntil 2G kr. 240 - pr.time
Over 2G kr. 520.- pr.time
Kva kostar praktisk bistand?
Beløpsgrense | Timesats | Maks pr.mnd |
Inntil2G/makssats | kr. 240.- | |
Mellom 2G - 3G | kr. 420.- | kr. 833.- |
Mellom 3G - 4G | kr. 420.- | kr. 1666.- |
Mellom 4G - 5G | kr. 420.- | kr. 2500.- |
over 5G | kr. 420.- | kr. 2915.- |
Dersom timesats kjem mest gunstig ut for brukar vil kostnaden bli berekna ut frå antal timar.
Når kommunen skal fastsetje betalingssats for brukar, går ein ut frå husstandens samla nettoinntekt før særfrådrag ved siste likning.
Innkreving av eigenbetaling skal skje i samsvar med reglar frå Helse- og sosialdepartementet.
Søknadsskjema
Søknadsskjema helse- og omsorgstenester (PDF)
Kontaktinformasjon
Konstituerande avdelingsleiar
Hanna DuPont
Telefon: 916 73 990
E-post: hanna.dupont@gol.kommune.no
- Torstadvegen - omsorgsbustad.
Telefon 408 01 953 - 906 92 497 - Furuvegen - omsorgsbustad.
Telefon 409 03 198 - Blågangen - omsorgsbustad.
Telefon 409 03 196 - Rundingen - omsorgsbustad.
Telefon 916 73 991