Hjelpemiddel du kan låne
- Rullator
- Rullestol
- Toalettstol
- Toalettforhøyar
- Dusjkrakk
- Trykkavlastande madrass
Kortidsutlån
Dersom du bur eller oppheldt deg i kommuna og har behov for hjelpemiddel for ei kortare periode, kan du låne dette frå det kommunale korttidslageret. Dette er det fysio - og ergoterapitenesta som administrerar.
Lånetida er 3 månader med moglegheit for forlenging.
Hjelpemidler som ikkje er i bruk skal leverast attende i reingjort stand så snart som mogleg, slik at andre kan få nyte godt av tilbodet. Du må sjølv syte for å få levert det attende.
Du må oppgje fullt namn, adresse og fødselsdato for å låne utstyr.
Ta kontakt ved spørsmål.
Langtidslån
Har du eit varig behov for hjelpemiddel, tek du kontakt med ergoterapeut eller fysioterapeut i kommunen. Eit varig behov er eit behov i meir enn to år.
Ergoterapeut eller fysioterapeut kan hjelpe deg med å søkje om varig lån av hjelpemiddel frå hjelpemiddelsentral til NAV.
Vi gjer merksam på at behandslingstida på hjelpemiddelsøknader kan væra opptil fleire veker.
Vaktmeister eller terapeut tek kontakt med brukar/pårørande når hjelpemidlane er komne. Det er mogleg at vaktmeister kan levere heim og montere hjelpemidla.
Kontaktinformasjon
Ergoterapeut, syns- og hørselskontakt
Åse Ingunn Midtgård
Telefon: 916 73 967