Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Opningstider, planleggingsdagar og ferie

Normal opningstid kl. 07.30 - 16.30, kan utvidast til å gjelde frå kl. 07.00 - 17.00, sjå meir utfyllande informasjon under vedtekter, § 6 (PDF) om opningstider.

Gol barnehage (alle dei tre barnehagane) har stengt måndag, tysdag og onsdag i påskeveka.
I jula er alle dagane f.o.m julaftan og t.o.m 1. nyårsdag stengt.
I andre feriar er minimum ein barnehage open for å gje tilbod til alle som har behov.

Sjå meir informasjon om ferie i vedtektene, § 14 (PDF).

Barnehagane har stengt 5 planleggingsdagar i året som blir fastsett i samarbeidsutvalet for Gol barnehage.

For 2025 er det desse planleggingsdagane:

  • Måndag 24. mars.
  • Fredag 30. mai.
  • Torsdag 14. august.
  • Fredag 15. august.
  • Måndag 10. november.

Planleggingsdagar vert bestemt på møte i samarbeidsutvalet i januar.