vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Vassmålar

Vassmålar

Besøksadresse:

Gamlevegen 4
3550 Gol

Kontaktperson: Synnøve Kristiansen

Tittel: Førstesekretær

Telefon: 32 02 90 78

Kontaktperson: Vakttelefon

Telefon: 916 84 496

 

For kven?

Alle bustader, næringseigedommar og offentlege bygg i Gol skal ha vassmålar installert. Vassmålaren gir grunnlag for berekning av årsgebyr for vatn og avløp.

Fritidseigedommar skal betale etter stipulert eller målt forbruk. Både abonnenten og kommunen kan krevje det skal installerast vassmålar. Dersom vassmålar er installert, skal det fakturerast etter målt forbruk.

Avlesing av vassmålar

Kort for vassmålaravlesing blir sendt ut til abonnentane i desember kvart år. På kortet finn du informasjon du treng for å kunne melde inn målarstanden.

Les av alle talla på svart botn. Ta med nullar, men ikkje talla etter komma.

  • Registrering via svarslipp som sendes i posten, porto er betalt
  • Lever kortet direkte på kommunehuset (postkasse på utsida)
  • Registrering via e-post: vannmaler@gol.kommune.no

Oppsett til bruk ved vassmålaravlesing på e-post:

Eiendomsnummer:

Målernummer:

Avtalenummer:

Vannmålerpunkt:

Avlesningsstand:

 

Frist

Fristen for å lese av og melde inn vassmålarstanden er 31. desember kvart år.

Kva skjer viss du ikkje leverer avlesingskortet?

Dersom du unnlet å lese av vassmålaren vil kommunens røyrleggjar foreta avlesinga. Arbeidstid/reisetid vil då bli belasta. Dersom avlesinga må utførast etter ordinær arbeidstid vert det nytta overtidssats. Ordinærtimesats = kr. 700,- + mva.

Følg med på vassmålaren

Hugs å lese av målaren fleire gonger i året, slik at du kan avdekke ein eventuell vasslekkasje eller feil på målaren.

Vassmålarregistreringsskjema

Lekkasje

Det er viktig å kontrollere at vatn ikkje lekk ut gjennom kraner som drypp eller toalettsisterner som står og renn.

Når det ikkje vert tappa vatn, skal visarane på vassmålaren stå stille.

Beveger visarane seg sjølv om alle vassforbrukande installasjonar er stengt, skuldast det sannsynligvis lekkasje.

Kontroll av vassmålar 

Ved mistanke om lekkasjar, ta kontakt med rørleggjar for lokalisering og utbetring.

Vassforbruk gjennom målar som skuldas lekkasje på privat sanitæranlegg er huseigars ansvar.

Kostnad ved smålekkasjer 

Ved jamn kontroll blir lekkasjar og utilsikta renning av vatn oppdaga på eit tidleg tidspunkt. Meirkostnaden blir minimal.

Regelen er at med vassmålar betalar abonnenten for brukt vatn, og for påfølgjande utslepp av avløpsvatn.

Kva kostar det?

Alle gebyr skal  innbetalast forskotsvis, på grunnlag av eit stipulert forbruk.

Når forbruket målast, skal kunden betale for det forbruket som har passert målaren i avrekningsperioden, innbetalt forskot for same periode kjem til fråtrekk.

Vassgebyr  Kloakkgebyr

Installasjon

Ta kontakt med autorisert røyrleggerfirma.

Registreringsskjema til bruk ved installering av ny vassmålar

Rettleiar ved installasjon av vassmålar

Kva kostar det?

Huseigar betaler for arbeidet med installering av vassmålar. Alle kostnader til kjøp, vedlikehald og rutinemessig utskifting av målaren dekkes via dei årlige vatn- og avløpsgebyra. Vassmålaren er kommunens eigedom.

Seksjonerte eigedommar

Ved seksjonering av eldre bygg er det ikkje alltid mogleg å sette inn vassmålar i kvar enkelt ny eigarseksjon. Abonnentar som samarbeider om felles vassmålar, er solidarisk ansvarlege for gebyra.