vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Informasjon om kommunalt vatn og avløp

Gol kommune har ansvar for utbygging, drift og vedlikehald av kommunalt vassverk og kommunale avløpsreinseanlegg med tilhøyrande installasjonar og leidningsnett.

Kommunal vassforsyning

Vassforsyning er regulert av forskrift om vassforsyning og drikkevatn.

Gol kommune har utarbeida Hovudplan for vassforsyning i kommunen. Planen vart vedteken av Gol kommunestyre 16.12.2014.

Kommunen skal levere drikkevatn som er hygienisk trygt, klart og utan nemnande lukt, smak eller farge. Det er mattilsynet som er statleg styringsmakt på området grikkevatn. Dei fører tilsyn med at kommunen (vassverkseigar) følgjer krava i forskrift om drikkevatn.

Kva kostar tenesta?

Vatn - Årsgebyr og tilknytningsgebyr

Hardheit på drikkevatnet

I Gol har vi bløtt vatn. Det betyr at det ikkje er nødvendig å tilsetje salt eller andre middel for å hindre forkalking i oppvaskmaskinen/vaskemaskinen

Varsel om endringar i vassforsyninga

Vi varslar deg

  • Ved endringar  og stans i vassforsyninga grunna vedlikehaldsarbeid og lekkasjar 
  • Ved kokeanbefaling av drikkevatnet.
  • Sjå utlysing i presse, nettsider, med vidare

Varslinga skjer ved at det vert sendt ut SMS til alle mobiltelefonar, og ein automatisert talemelding til de kontaktpersonane som berre er registret med fasttelefon.

Her kan du registrere deg og lese meir om telefonvarslinga

Telefonvarsling

 

Klage

Klage på vasskvalitet eller vedtak som omhandlar kommunal vassforsyning skal sendast Gol kommune ved kommualteknisk avdeling.

 

Lekkasje på vassleidningsnettet

Av og til skjer det vasslekkasje på eller i tilknytning til det kommunal leidningsnettet frå vassverket. Ofte er dette lekkasjar på privat stikkledning eller tilkoblingspunkt til stikkleidningen.

Dersom du oppdagar sus i røyr eller lågt vasstrykk, kan det vere teikn på at det er lekkasje på vassleidninga.

Ved mistanke om lekkasje må kommunen varsles så fort som råd, gjerne på døgnopen vakttelefon 916 84 496.

 

Desse reglane gjeld ved lekkasjar

  • Kommunen er ansvarleg for alle lekkasjar på hovudleidningsnettet.
  • Den enkelte abonnent er sjølv ansvarleg for lekkasjar på sin private stikkleidning, inkludert påkoplingspunktet.

Det er viktig å varsle fort for å unngå følgjeskader, som t.d. skader på hus eller vegar, eller tøyming av høgdebasseng.

Kva skjer vidare? 

Dersom det er konstatert at det er lekkasje vil kommunen syte for å stenge av vatnet, lokalisere lekkasjen, evt. fastslå om den er på privat stikkleidning, og vurdere kva tiltak som bør setjast i verk. 

  • Kommunen har til ei kvar tid avtale med entreprenør og røyrleggjar som kan rykke ut på kort varsel, for å reparere vasslekkasjar på hovudleidningsnettet.
  • Dersom det ikkje er tvil om at lekkasjen er på privat stikkleidning må abonnenten sjølve syte for at feilen vert utbetra så fort som råd.
  • Det er krav om at arbeidet skal utførast av kvalifisert personell, gravemaskinførar og røyrleggjar.

Vassmålar 

Vassmålar - avlesing og kontroll

 

Kommunale Vassverk i Gol kommune

Gol vassverk

Etter ombygging vart vassbehandlingsanlegget satt i drift 19 Januar 2010.

Drikkevannsforskrifta stiller krav til at pH i vatnet skal være mellom 6,5 og 9,5.

Fram til 2010 har pH blitt justert ved å tilsette lut.

Den nye vassbehandlinga luftar vatnet, før det blir filtrert gjennom knust marmor.

Etter behandling har vatnet ut frå vassverket ein surheitsgrad på ca. pH 8. PH kan synke noko

utover i nettet. Vatnet har ei hardheit på 4°dH, noko som er betegna som ”bløtt vatn”.

Det stilles krav om at vatnet skal sikrast med to uavhengige hygieniske barrierer.

For Gol vassverk er den første barriera sikring av vasskjeldene. Den andre, har fram til 2010,

vore tilsetting av klor. Klor er nå erstatta av behandling med ultrafiolett lys (UV). Meir

informasjon om UV-behandling av drikkevatn, finnes hjå Folkehelseinstituttet og Mattilsynet.

Klor inngår framleis som ei beredskapsløysing, og kan måtte bli nytta ute i leidningsnettet.

Etter ombygginga er vassbehandlingsanlegget også blitt sikra betre mot flom i

Hallingdalselva.

Vassverket, med dei nye endringane, vart godkjent av mattilsynet 23.12.2009.

I korte trekk:

  • Vassverket forsyner Gol tettstad med drikkevatn.
  • Leverer gjennomsnittlig ca. 2000m3/døgn

Det opprinnelige vassbehandlingsanlegget på Eiklid

  • Bygget i 1980
  • 2 grunnvassbrønner
  • pH heving med Lut.
  • Desinfisering med Klor

Vassforsyninga etter ombygging

  • Vannbehandlingsbygget utvida med 90 m2, og eksisterende bygg på 250 m2 er rehabilitert.
  • Dimensjonert for 2350m3/døgn (max. 2600m3/døgn)
  • To gamle og to nye brønner alternerer i vassproduksjonen
  • pH heving ved CO2 avlufting og marmorfiltrering
  • Desinfisering med UV
  • Mulighet for desinfisering med Klor
  • Dykkede utløpspumper i lavreservoar
  • Flomsikring med jordvoll plastra med stein, heving av brønntoppar og golvnivå
  • Klausulert områder, rundt og oppover bak anlegga.

Reservevassforsyning.

  • Ligg 200m fra vannbehandlingsanlegget
  • Bygget i 2006
  • 2 nye grunnvannsbrønner (inngår i daglig produksjon)
  • Høytrykks pumper for sjølstendig forsyning av høydebasseng og nett.
  • Mulighet for desinfisering med Klor

 

Kommunalt avløp

Gol kommune har utarbeida Hovudplan for avløpssektoren i kommunen. Planen vart vedteken av Gol kommunestyre 16.12.2014.'

Gol kommune vedtok lokale forskrifter om vatn- og avløpsgebyr den 20.11.2007. Der finn du bestemmingar om utrekning og innbetaling av vass- og kloakkavgifta. Forskrifta kan du lese her

Kommunen brukar nasjonale forskrifter og normer som mal for lokale tilpasningar. Dette gjeld m.a. VA-normen og Sanitærreglementet.

VA-normen

Ny VA-norm for Gol kommune blei vedtatt i Utval for Natur og Næring 17.04.2017 i sak 31/18.

Les VA-normen her

Kva kostar tenesta?

Kloakk - Årsgebyr og tilknytningsgebyr

Kva er avlaupsvatn frå privat hushaldning?

Avlaupsvatn er vatn frå toalett, dusj, vaskar, vaskemasskinar og innvendige sluk (kloakk).

Det er berre tiss, bæsj og dopapir som skal kastas i toalettet. Du må ikkje kaste kondomer, Q-tips, kjemikalier, medisiner eller våtserviettar i toalettet. Dette skapar problem for reinseanlegget eller hindrar miljøvenleg bruk av slam.

Feil på kloakknettet

Av og til opplever abonnentar på det kommunale kloakknettet at kloakken vert tett. Erfaringa syner at dette oftast skuldast tilstopping av privat stikkleidning.

Er det feil på hovudleidningsnettet vil dette oftast medføre at fleire abonnentar opplever problem samstundes, og dette kan lett sjekkast ved å snakke med andre som er tilknytt på same hovudleidning.

Tilstoppa kloakkledning kan oppdagast i tide ved å observere følgjande symptom:

• vatnet renn sakte ned

• det kjem luftbobler opp, i klosett, vask eller sluk.

Symptoma vert fyrst synleg i den nederste etasjen i huset.

• Symptom må ikkje ignorerast.

• Heil eller delvis tilstopping kan føre til at kloakken renn ut over golvet.

Den enkelte abonnent er sjølv ansvarlig for tilstopping på sin private stikkleidning, inkludert påkoplingspunktet. Ligg feilen på privat stikkleidning må abonnenten sjølv syte for å få reparert feilen.

Dersom det skulle vere mistanke om tilstopping på hovudkloakknettet må kommunen varsles så fort som råd, gjerne på døgnopen vakttelefonen 916 84 496. 

Kommunen vil då sjekke om feilen ligg på det kommunale kloakknettet.

Matavfallskvern

Det er ikkje tillat å installere matavfallskvern i Gol kommune.

Feitt i avlaupsnettet

Feitt og matrestar skal ikkje kastas i vasken eller i toalettet, men leverast saman med restavfallet.

Slik gjer du:

  • Feitt i steikepanna og stivna (avkjølt) feitt fjernar du med tørkepapir og kastar i restavfallet. 
  • Feitt som ikkje stivnar, helles i tett emballasje som kastas i restavfallet.
  • Feitt frå ribbe, pinnekjøt, smultgryte og liknande lar man stå til det er avkjølt og stivna. Då er det berre å skrape av feittet slik at det kan leggast i restavfallet. Siste rest av feitt fjernast med tørkepapir før steikebrettet vaskas i oppvaskkummen. 

 

Kvifor skal ikkje feitt i avlaupet?

Feitt i avlaupsnettet er eit aukande problem, både i private og kommunale røyr. Kvart år må Gol kommune bruke pengar og ressursar på problem knytt til feitt i avlaupsnettet. Avlaupsnettet er bygget for å handtere vatn, tiss, bæsj og dopapir. Det hjelper ikkje at det nyttes varmt vatn og såpe når feittet fjernast frå gryter og panner, for feittet vil stivne igjen når det kjem lenger ut i røyra. Fett frå matrestar og matlaging tettar og skaper problem i røyr og pumpestasjonar. Dette kan føre til tilbakeslag i toalett, oversvømmelse i kjellaren og luktproblem.

 

Kommunale avløpsrenseanlegg i Gol kommune

Gol renseanlegg

Gol renseanlegg som ligg ved riksveg 7 på Hagaskogen er eit mekanisk/kjemisk anlegg dimensjonert for ca 12000 pe. Anlegget som behandlar avløpsvatn frå Gol tettstad vart rehabilitert i 2000. Anlegget har fleire fellingstrinn med sedimentering og flotasjon. Avvatna slam blir levert Torpo komposteringsanlegg. Det kommunale avløpsnettet som er knytta til anlegget er på ca 43 km og med 6 tilhøyrande pumpestasjonar.

Fylkesmannen i Buskerud har gjeve utsleppsløyve til Hallingdalselva. Anlegget har krav til rensegrad og restutslepp for fosfor (P) jf. sentral forskrift om begrensning av forureining m.m.

  

Golfjellet avløpsrenseanlegg

Anlegget som ligg ved Oset vart i 1998 etablert som eit mekansk/kjemisk anlegg med opne kalkfellingsdammer dimensjonert for ca 2600 personar. I 2007 vart anlegget totalrenovert og utvida til eit mekanisk/kjemisk anlegg basert på flotasjon i tillegg til biologisk rensetrinn. Kapasiteten for anlegget er no på ca. 5000 pe. Avvatna slam blir levert Torpo komposteringsanlegg. Anlegget behandler avløpsvatn frå hotell og fritidsbustader i sentrale deler av Golsfjellet som Storefjell, Ørterstølen, Guriset og Oset. Avløpet blir frakta til anlegget via 9 km kommunalt avløpsnett og 2 pumpestasjonar.

Fylkesmannen i Buskerud har gjeve utsleppsløyve til Tisleifjorden. Anlegget har krav til rensegrad og restutslepp for fosfor (P) og organisk stoff (KOF/BOF) jf. sentral forskrift om begrensning av forureining m.m.  

Aktuelle linkar

Forskrift om vass- og avløpsgebyr for Gol kommune

Plan- og bygningsloven § 27-1 (Vassforsyning)

Plan- og bygningsloven § 27-2 (Avlaup)

Drikkevannsforskriften

Forurensningsforskriften kap. 16 (Kommunale vatn- og avlaupsgebyr)

http://dovett.no/

Kommunalteknisk avdeling

Besøksadresse:

Gamlevegen 4
3550 Gol

Kontaktperson: Elin Tangen

Tittel: Avdelingsleiar

Telefon: 481 23 113

Kontaktperson: Vakttelefon

Telefon: 916 84 496