vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Private vass - og avløpsanlegg

Planlagde tømminger i 2021

Frå veke 27 til veke 40 vil Stoklands og Telemark godslinjer utføre slamtøyming i Gol kommune.

Alle som har slamanlegg som skal tømmast får melding om dette. Du vert varsla via telefon og epost. Dersom du ikkje har registrert nummeret eller e-postadressa di hos Difi.no, får du tilsendt brev som tidlegare.

Det er tvungen tøyming av alle slamtankar. Dvs. at slamtanken skal tømast/kontrollerast sjølv om bustaden/fritidsbustaden har stått tom eller har vore lite i bruk.

Hugs å gjere det så enkelt som råd å koma fram til septiktanken. Grav fram lokket – også rundt lokket slik at det er enkelt å løfte det av. Merk og gjer tanken tilgjengeleg slik at det er enklare å vite at dei tømmer rett tank. Dersom du har bom inn til hytta må denne låsast opp.

Dersom du tidlegare har fått melding om å utbetre feil eller manglar på anlegget, kan det være lurt å gjere det nå.

Stoklands må få beskjed dersom det er aktuelt.

Kommunalt avløpstilsyn og vassområde Hallingdal

Felleskontoret, forkorta KAV Hallingdal, er eit vertskommunesamarbeid mellom Flå, Nesbyen, Gol, Hemsedal og Ål kommune, der Ål er vertskommune. Kontoret er plassert på Torpomoen, i andre etasje i det nye bygget. Adresse: Torpomoen 27, 3579 Torpo.

Kommunane har ansvar for og plikt til å følgje opp alle løyver, samt føre tilsyn for å hindre forureining. KAV Hallingdal har også overteke ansvaret for sakshandsaming av utsleppsløyver etter Forureiningslova og etablering av avløpsanlegg etter Plan- og bygningslova for kommunane.

Søknader om utsleppsløyve skal som før sendast inn til den kommunen tiltaket er i. Søknadane vil så bli overført til sakshandsamar ved KAV Hallingdal som behandlar søknaden på vegne av kommunen. Søknaden vert arkivert i byggesaksarkivet på din eigedom i "heimkommunen".

Spørsmål om sakshandsaming kan rettast til kommunen din som tidlegare, eller til sakshandsamar ved KAV Hallingdal.

Tilsette ved KAV Hallingdal

E-post kontoret: kav@hallingdal.no

 

Gol kommune

Viel Ribberud

E-post: viel.ribberud@aal.kommune.no

Tlf.: 48 14 76 19

 

Ål kommune/avdelingsleiar

Glen Arvid Valstad

E-post:glen.arvid.nerol@aal.kommune.no

Tlf.: 47 82 53 48

 

Hemsedal kommune

Joans Bakko Enoksen

E-post: jonas.bakko.enoksen@hemsedal.kommune.no

Tlf.: 91 75 08 79

  

Nesbyen og Flå kommune

Erling Nerol

E-post: erling.nerol@aal.kommune.no

 

Kven må ha utsleppsløyve?

Alle bygningar med innlagt vatn og som ikkje er knytt til kommunalt avløpsanlegg, skal ha utsleppsøyve.

Slik søkjer du

  • Du må ta kontakt med eit føretak med tilstrekkeleg kompetanse innanfor fagområdet. Dei utarbeider søknad om utslippstillating på vegne av deg.
  • Søknaden sendes til Gol kommune. Dette gjerast av prosjekterande føretak.
  • Avløpsanlegget må prosjekterast og byggast etter gjeldande lover og forskrifter.

Utsleppsløyve, søknad om (utskriftsskjema-pdf)

Slamtømming

Det er tvungen tømming av alle slamtankar.

Tømmefrekvens for slamavskiljarar og tette tankar:

  • Eigedomar med fast busetjing kvart 2.år.
  • Fritidsbustader kvart 4.år
  • Tette tankar kvart år

Kommunen kan bestemme anna tømmehyppigheit.

Ordninga med tømming av private avløpsanlegg er interkommunal og blir organisert av Hallingdal renovasjon. Firmaet Stoklands utfører tømming og transport.

Ekstratømming utover faste tømmefrekvens må bestillast direkte hos Stoklands. Du vil mota eiga faktura på denne tømminga av kommunen.

Dersom det verkeleg hastar med å få slamtanken tømt kan ein nytte dette vakttelefonnummeret: 959 84 903.

I mange tilfelle er det ikkje tanken som er full, men hindringar i røyra som tettar tilkomsten til tanken. Dette er huseigar sitt ansvar. I så fall må du sørge for at røyra er fri for framandlegement. Ta kontakt med røyrleggjar dersom du ikkje kan gjera dette arbeidet sjølv.

Hugsereglar før tømming
  • Tanken må vere grove fram og fri for jord eller snø. 
  • Grav også godt rundt tanklokket slik at det er enkelt å løfte av. 
  • Tømmebilen må ha god tilkomst.
  • Tilkomstvegen må vere fri for tre og buskar.
  • Hugs at dei som kjem for å tømme tanken ikkje veit nøyaktig kvar tanken er plassert. Merk difor plasseringa av tanken godt slik at dei tømmer riktig tank. Legg for eksempel brevet om tømming i ein pose og legg under ein stein på tanken. Du kan og markere tanken med ei tydeleg merka stikke. 
  • Dersom tanken ikkje er klargjort/merka før tømming, eller vi blir nekta å utføre tømminga når vi kjem på plassen, vil du likevel få årleg gebyr på vanleg måte. 
  • Du vil få utlevert kvittering på ferdig utført arbeid så snart vi har tømt tanken; enten som SMS, i postkassa, på tanklokket eller hengt på døra.
Tidspunkt for tømming
  • Du blir varsla via SMS eller brev i god tid før tømming slik at du rekk å gjere klar tanken 
  • Dersom tidspunktet du får beskjed om ikkje passer, er det viktig at du gir beskjed i god tid, så avtaler vi nytt tidspunkt 
  • Dersom abonnenten ikkje tek kontakt og septiktanken ikkje er klar, vil septikbilen køyre vidare. 
Slik fungerer slamavskiljarar

I ein slamavskiljar går alt avløp det første kammeret i slamavskiljaren. Vidare blir slammet separert over i det andre og tredje kammeret der det er utløp.

Slamavskiller med tre kammer

Innløp: Rør frå huset går i 1. kammer til septiktanken. Når toalettet tappar seint ned kan dette tyde på at røret er tett, eller at det har bygd seg opp masse akkurat i enden av innløpet til septiktanken.

Dykk innløp: Det er ifølge regelverket ikkje krav om dykk på innløpet i tanken (ikkje innteikna), men det kan ofte vere til hjelp for å hindre at det tettar seg i inngangen til innløpet. Dette kan vere eit problem dersom ein har dårleg fall på røyra mellom hus og tank.

1. kammer: Innløpet går inn i 1. kammer i septiktanken. Når septiktanken fungerer som den skal, og har god gjæring, er det vanleg med ei "kake" av fast masse på toppen. Det er viktig å merke seg at det er vanleg med denne "kaka", og at septiktanken kan fungere utan problem til neste ordinære tømming.

Nivå i tanken: Nivået for ein godt fungerande septiktank skal stå like høgt som utløpet. Tanken er ikkje full og kan fungere godt fram til neste tømerunde. Er nivået under utløpet til tanken kan dette tyde på at tanken ikkje er tett. Reparasjon er då påkravd. Er nivået over utløpet kan dette tyde på at røret ut frå tanken er tett.

2. kammer:  I dette kammeret blir slammet separert frå 1. kammer i septiktanken. Dette kammeret inneheld betydeleg mindre slam enn 1. kammer.

3. kammer: Dette er det siste kammer der slammet blir separert og er eit slags "klarings-kammer". Frå dette kammeret er det eit utløp som fører vatnet i tanken ut i ei filtreringsgrøft, grunnen, kommunal leidning eller liknande. Dette kammeret inneheld særs lite slam.

Dykk utløp: Dykk på utløp er lovpålagt. Dette for å hindre at slam går til filtergrøft og grunnen.

Utløp: Fungerer ein septiktank slik den skal, vil det i utløpet frå 3. kammer renne "reint" vatn ut til ei sandfilter-grøft, grunnen eller liknande.

Tømming
Ved tømming av slamavskiljarar blir heile tanken tømt, før reinsa vatn blir returnert tilbake på tanken.

Septiktank

Ein eldre slamavskiljar utan kammer blir ofte kalla septiktank.

Slik fungerer tette tankar

 I ein tett tank blir avløp samla opp i tanken. Tanken har ikkje noko utløp, og slammet blir ikkje reinsa.

Tømming av tett tank

Ved tømming av tett tank, blir alt innhaldet i tanken tømt utan retur av reinsa vatn.

Det er i utgangspunktet ikkje lov med tette tankar i Gol. I enkelte hyttefelt og område der det ikkje er mogleg med utslepp er det i enkelte tilfelle opna for dette.

Om du har ein tett tank, er det viktig å passe på at toalettet ikkje lek. Dette fører til at tanken fyller seg unødvendig fort opp.

Har du problem med tanken?

Det kan vere fleire grunnar til dette     

Innløp: Røyra frå huset går i tanken. At toalettet tapper seint ned kan tyde på at røyret er tett eller at tanken er så full, at nivået er høgare enn innløpet.

Trinnvise
løysingar:
1. Løft av lokket på tanken
2. Er nivået i tanken opp til innløpet?
3. Dersom ja, kontakt Stoklands for tømming av tanken. 

Nivå i tanken: Nivået for ein tett tank varierer, etter bruk av toalett, dusj, vask og vaskemaskiner. Nokre har også gråvasstank ved sida av ein tett tank, der vaskevatn blir filtrert/samla opp.


Nivået for ein tett tank må ikkje gå over innløpet på tanken. Dersom det skjer vil ein få problem med å tappe ned i toalettet. Blir tanken for full vil nivået stige så høgt at det til slutt vil renne over i tanken.

Det er abonnenten sitt ansvar å sørge for at tanken blir tømt og fungerer etter utsleppsløyve.

Dykk innløp: Det er i følge regelverket ikkje krav om dykk på innløpet. For ein tett septiktank er ikkje dette like viktig som for ein slamavskiljar.

Ofte stilte spørsmål

Er du lei av å grave fram tanken din?

Dersom du er lei av å grav fram tanken din, kan du fore opp tanken din slik at lokket ligg i dagen. Din lokale røyrleggjar kan hjelpe deg med dette. Ved nedlegging av ny tank kan du spesialbestille tank med ekstra oppforing frå fabrikk.

Ikkje klargjord septiktank - kva skjer då?

Dersom septiktanken ikkje er tilgjengeleg for tømming når septikbilen kjem, blir dette registrert. Dersom abonnenten med god grunn ikkje klarer å klargjere tanken i rett tid, må han ta kontakt med renovatør snarast råd. Nytt tidspunkt kan då avtalast. Tek abonnenten ikkje kontakt med renovatør, og septiktanken ikkje er klar, vil septikbilen køyre vidare. Ny tømming må da avklarast så snart som råd. Denne tømminga blir rekna som ekstratømming.

Kva er ekstratømming?

Ekstratømming er tømming av septiktanken utanom ordinær rutetømming.

Kva er nødtømming?

Nødtømming gjeld i dei tilfella det verkeleg  hastar med å få tanken tømt.

Tanken min er tømd, men likevel ser den full ut?

Når tanken blir tømd blir alt innhald i tanken pumpa inn på bil og separert der. Det reinsa vatnet blir sendt tilbake til tanken for at den viktige gjæringsprosessen skal kome raskare i gang i tanken, men og for å spare miljøet for eksos og anna utslepp frå lastebilen. I tillegg fører denne tilbakelegginga av det separerte vatnet til at ein unngår transport av store mengder vatn over store avstandar.

Kva er gråvasstank?

I ein gråvasstank blir alt som ikkje går i septiktanken oppsamla: bad-, oppvask - og vaskevatn.

Kloakklukt i huset - kva er gale?

Som oftast kjem dette problemet av vasslås som tørkar ut. Vasslåsane tørkar ofte ut om til dømes varmekablar ligg for nær vasslåsen, eller ved lite bruk av dusjkabinett o.l.

Kva skal ikkje kastast i toalettet?

For at du skal sikre optimal drift på din septiktank og sleppe at rørgater og lignande tettar seg, er det ikkje alt som skal i toalettet:

  • Våtserviettar
  • Filler
  • WC-blokker
  • Olje
  • Mjølk frå mjølkerom/fjøs
  • Fett

Gebyr ved slamtømming og tilsyn av avløpsanlegg

Slamtømminggebyr

Privat vatn

Bur du slik til at du ikkje er knyta til vassverk, men vil sikre deg skikkeleg drikkevatn?

Er du usikker på om vasskjelda på hytta er bra nok?
Folkehelseinstituttet sin nye brosjyre gir deg både tips og råd både til kva du kan gjere sjølv, og til kven du bør kontakte.

Informasjon frå Mattilsynet til dei minste vassforsyningssystema

No skal alle private vassforsyningssystem registrerast

Deler du brønn med naboen?
No skal alle private vassforsyningssystem registrerast.
Innan 1.juli 2018 skal alle vassforsyningssytem registrerast hjå Mattilsynet.

Lenke til skjema finn du på sida til Matilsynet

Her kan du få meir informasjon

Nyttige lenker

Forureiningsforskrifta § 12-4

Plan og bygningslova § 20-1

Forskrift om tømming av avløpsanlegg inkludert tette tanker og bestemmelser om betaling av gebyr