vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Snøbrøyting

Snøbrøyting

Besøksadresse:

Gamlevegen 4
3550 Gol

Kontaktperson: Elin Tangen

Tittel: Avdelingsleiar

Telefon: 481 23 113

Kontaktperson: Vakttelefon i brøytesesong

Telefon: 915 17 078

Snøbrøyting er delt inn i soner og blir utført av private entreprenørar etter følgjande krav.

Arbeidet skal utførast på slik måte at ein kan halde ein forsvarleg og god vegstandard.

Snøbrøyting skal skje ved 5,0 cm laussnø og 3,0 cm kram snø.

Ved store snøfall skal vegane vera ferdig brøyta til kl. 07.00 på kvardagar og kl. 09.00 på søndagar.

Strøing av vegar blir i all hovudsak utført av Gol kommune i eigen regi. Spørsmål eller meldingar om forhold knytta til kommunale vegar kan rettast til tenestetorget i Gol kommune.

Ulempe ved snøbrøyting 

Gol kommune har stor forståing for at det kan være frustrerande for ein grunneigar å få snø brøyta eller frest inn på eigedommen. Av omsyn til fellesskapet ber vi imedan om forståing for at dette er naudsynt for å sikre framkommelege vegar for gåande og køyrande.

Vegmyndigheten sin rett til å make snø frå offentleg veg over på privat eigedom vert regulert av paragraf 2 i naboloven. Der heiter det at ”Ingen må ha, gjera eller setja i verk noko som urimeleg eller uturvande er til skade eller ulempe på granneeigedom.” Naboloven set dermed grensene for kva vegmyndighetane kan gjera. Dei ulempene du som nabo til vegen vert påført, kan i dei fleste tilfelle sjås på som eit nødvendig onde for at vegen skal haldast køyrbar. Brøyting av snø frå kommunal veg over på naboeigedom er dermed ikkje i strid med naboloven.

I periodar/vintrar med stort snøfall vil tålegrensen for påførte ulemper etter naboloven kunne utvidast – dvs. jo meir snø som fell og må flyttast/fjernast frå vegområdet av omsyn til vegtrafikken, trafikksikkerheit og framkommelegheit, desto større ulempe må naboar til veg måtte tåle som følgje av brøyting/fresing. Det forholdet at snø som kjem inn i hagar eller innkjørslar kan innehalde strøsand eller salt, må også sjåast å liggje innanfor tålegrensen etter naboloven.

Det vert også vist til den lovlighetsvurdering som er skissert i brev frå Statens vegvesen Vegdirektoratet til Statens vegvesen Oppland av 10. februar 1989. Her framgår det:

«Vegdirektoratet antar at en må anvende de samme rettslige prinsipper ved vurdering av ulemper ved snøbrøyting som for andre ulemper i forbindelse med vei. Ulemper som følge av normal snøbrøyting på offentlig vei, herunder snøopplag på private naboeiendommer, er gjennomgående forhold veiens oppsittere erstatningsfritt må finne seg i. Dette har vært praktisert over landet i alle år. Selv om forholdet fra tid til annen har vært påklaget, er en ikke kjent med at det har vært bestridt at det er lovlig adgang til å foreta snøbrøyting på denne måten. Resonnementet er blant annet at veiens naboer også har fordel av veien og at denne holdes oppe vinterstid, og det må av denne grunn kreves særskilte eller betydelige ulemper før ansvaret utløses fra veiholder. Nøyaktig hvor tålegrensen går kan være vanskelig å fastsette, men enkelte holdepunkter kan angis". I samme brev fremgår også: "sitat: At ulemper som følge av normalt vintervedlikehold må tåles uten erstatning, innebærer at det heller ikke utløser ansvar om snøen er sand- eller saltblandet.»