vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Parkeringsløyve for forflyttingshemma

Kommunen kan tildele parkeringsbevis som gir rett til å parkere på reserverte parkeringsplassar for funksjonshemma i heile landet på plassar som er merka med offentleg trafikkskilt.

Beviset gir rett til å parkere avgiftsfritt og utover lengste fastsette parkeringstid. Bevis blir gitt til personar som har ein bevegelseshemming og eventuelt til organisasjonar som transporterar bevegelseshemma.

Søknaden

Søknaden skal sendast til Gol kommune, Gamlevegen 4,3550 Gol. Legeerkæring og bilete skal leggjast ved søknaden. 

Søknaden om parkeringsløyve vert handsama i tildelingsteam.

Tildelingsteamet er sett saman slik:

Leiar for tildelingskontoret
Avdelingsleiarane
Fagleiar fysio-og ergoterapi
Fagleiar psykisk helse
Kommuneoverlegen
Kommunalsjefen ved behov

Klage

Klage på vedtak sendast til Gol kommune Tenestetorget, Gamlevegen 4, 3550 Gol

Forskrift om parkering for forflytningshemma

Orientering til deg som søker parkeringsløyve for forflytningshemma

Parkeringsløyve for forflytningshemma, søknad om (utskriftsskjema)

Legeerklæring