vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Gravemelding

Må eg søkje om graveløyve?

Du må søkje om løyve om du skal grave i eller ved offentleg veg. Det er som regel dei som utfører arbeidet som søkjer.

Det må også søkjast når det skal gravast i områder kor leidningsnett eller kabelnett i offentleg eller privat eige kan bli ramma.

Søknadsskjema finn du her:Gravemelding (utskriftsskjema)

I tillegg til gravemelding må man arbeidsvarsle dersom det skal utførast arbeid som gjer det nødvendig å sperre – heilt eller delvis – for eksempel veg, fortau eller offentlege plasser.

Arbeidsvarsling krevjast for alt arbeid som kan ha innverknad på trafikken på offentlege vegar og plassar.

Det krevjast at dei som skal utføre eller vere ansvarlege for å varsle arbeid på offentleg veg, kan dokumentere nødvendige kvalifikasjonar. Varslingsplan må utarbeidast.

Graving i riks- og fylkesvegar

Ved graving i riks- og fylkesvegar er det Statens vegvesen som gir løyve.

Graving på privat grunn

Graving på privat grunn må avklarast med grunneigar.

Eg skal grave på eigen eigedom

Skal du grave på eigen eigedom må du fyrst sjekke om det går vatn- eller avløpsleidningar i grunnen.

Send oss ein e-post eller ta kontakt med tenestetorget.