vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Sal, servering og skjenking

Informasjon til serverings - og skjenkestader i forbindelse med koronasituasjon

Nasjonale krav og anbefalingar

Serveringsløyve

Løyvet gjeld serveringsstader som skal servere mat og/eller drikke.

Den daglege leiaren på serveringsstaden må ha greidd etablerarprøva. Søkjaren eller verksemda må i tillegg ha registrert seg hjå Mattilsynet. Det må leggjast fram firmaattest og skatteattest for dagleg leiar.

Det er krav om skriftleg søknad. Kommunen vil kunne hjelpe til med å søkje om serveringsløyve.

Søknaden skal innehalde følgjande opplysningar:

  • Namn og adresse på firma/serveringsstad og org. nr. på verksemda.
  • Namn og adresse på søkjar og eigar med det økonomiske og juridiske ansvaret.

Dersom serveringsstaden er eit enkeltpersonsføretak, skal det opplysast om fødselsnummer.

  • Eigarforhold og personar som direkte eller indirekte eig eller kontrollerer verksemda.
  • Opplysningar om lokala der serveringa skal drivast, areal både inne og eventuelt ute og om type verksemd, driftskonsept og om opningstid.
  • Namn, fødselsnummer, adresse og skattekommune på dagleg leiar.
  • Skatteattest for den personen som har det økonomiske ansvaret.
  • Dokumentasjon på bestått etablerarprøve.
  • Firmaattest og utskrifter frå Brønnøysundregisteret.
  • Leigekontrakt med eigar av lokala om du ikkje er eigar.

Søknadsskjema om serveringsløyve:

Serveringsløyve, søknad om (elektronisk skjema)
Serveringsløyve, søknad om (utskriftsskjema)

Skjenkeløyve

Løyvet vert gitt for inntil fire år om gongen. Løyvet fell bort dersom verksemda blir overdratt til andre. Verksemda som tek over kan bruke det tidlegare løyvet i inntil tre månader. Føresetnad er at søknad om nytt løyve er sendt kommunen innan 30 dagar etter inngått avtale.

Alle som driv ein serveringsstad som vil servere alkoholhaldig drikk, må ha skjenkjeløyve. Det er eit krav om serveringsløyve og god vandel.

Løyvehavar må ha styrar og stedfortredar som begge er tilsett ved serveringsstaden.

Styrar og stedfortredar må ha bestått kunnskapsprøva i alkohollova og må vere over 20 år.

Dei må oppfylle krava i alkohollova og serveringslova.

Søknad vert avgjort av kommunestyret.

Søknadsskjema om skjenkeløyve:

Skjenkeløyve, søknad om (elektronisk skjema)
Skjenkeløyve, søknad om (utskriftsskjema)

Skjenkeløyve for eit særskild høve, opent arrangement
Skjenkeløyve for eit særskild høve, lukka arrangement

Salsløyve

Salsløyve gjeld for sal og utlevering av alkoholhaldig drikk inntil 4,7 volumprosent alkohol. Løyvet blir gitt for inntil fire år om gongen. Løyvet fell bort dersom verksemda blir overdratt til andre. Verksemda som tek over kan fortsette på det tidlegare løyvet i inntil tre månader, dette om søknad om løyve er sendt til kommunen innan 30 dagar etter inngått avtale.

Sal av alkoholhaldig drikk kan berre skje ved løyve gjeve av kommunen. Det er krav til god vandel. Løyvehavar skal ha ein styrar og stedfortredar som er tilsett ved salsstaden som begge har bestått kunnskapsprøva i alkohollova. Begge må ha fylt 20 år.

Det er krav om skriftleg søknad. Kommunen vil kunne hjelpe til med å søkje om salsløyve.

Søknad vert avgjort av kommunestyret.

Søknadsskjema om salsløyve:

Sal av alkoholhaldig drikk gruppe 1, søknad om løyve (elektronisk skjema)
Sal av alkoholhaldig drikk gruppe 1, søknad om løyve (utskriftssskjema)

Endring i løyve

Endringar i løyve kan skje fleire gonger i løyveperioden, til dømes ved ny dagleg leiar, skifte av styrar og stedfortredar for løyvet, endringar i driftskonsept eller endringar i eigarforhold. Slike endringar krev ny godkjenning, eventuelt nytt løyve. Melding om endring skal sendast til kommunen, som fattar nytt vedtak.

Dersom det endringar i løyvet skal du bruke dette skjemaet til å sende inn endringa:

Behandlingstid

Det kan ta opp til tre veker før du får svar på søknad om ambulerande, einskilt høve- lukka eller ope arrangement.
For nye sals, serverings - og skjenkeløyve kan det ta opp til tre månadar.

Klage

Klage på vedtak skal sendast til kommunen innan ein tre veker etter vedtaket vart motteke. I klagen skal ein oppgje kva ein ønskjer å endre i vedtaket og grunnen for dette. Kommunen kan hjelpe til med å skrive klagen.

Fylkesmannen skal behandle klagen. Saksbehandlar som fatta vedtaket skal vurdere om det er grunn til å endre vedtaket. Dersom vedtaket ikkje blir endra, vil saka bli send til Fylkesmannen for behandling. Det blir sendt tilbakemelding om resultatet av behandlinga enten frå Fylkesmannen eller frå kommunen.

Etablerarprøva og kunnskapsprøva

Etablerarprøva skal sikre at ansvarlege for ein serveringsstad har dei nødvendige kunnskapane om drift, økonomistyring og lovgiving.

Kunnskapsprøva er ei obligatorisk prøve i alkohollova som må vere bestått av styrar og stedfortredar for å få sals- eller skjenkjeløyve for alkohol.

Kommunen er ansvarleg for å gjennomføre og rette etablerarprøva og kunnskapsprøva. Det er krav om gyldig legitimasjon ved oppmøte for å ta prøvene. Opplysningar om kunnskapskrav og pris per prøve får ein i kommunen. Ein betalar avgifta på 400,- på prøvedagen.

Etablerarprøva er ei fleirvalsprøve. Det blir sett av 90 minutt for elektronisk svar på prøva. Kandidatar som leverer svaret på papir, får i tillegg 10 minutt til å overføre svara til kolonnane på framsida av prøva. For å greie prøva må 40 av 50 svar væra rette.

Kunnskapsprøva i alkohollova er ei fleirvalsprøve. Du vil få 60 minutt til å svare på prøva. For å bestå prøva må 24 av 30 svar væra rette. Det er ikkje lov med andre hjelpemidlar enn ordbok.

For bestilling send e-post til tenestetorget@gol.kommune.no

Klage

Du kan ikkje klage på resultatet på etablerarprøva eller kunnskapsprøva, men prøvane kan takast om igjen. Nytt gebyr må betalst for kvar prøve.

Rusmiddelpolitisk handlingsplan Hallingdal 2012-2016

Rapporteringsskjema

Sal

Last ned skjema her

Skjenking

Last ned skjema her

Aktuelle linkar

Alkoholforskrifta 

Etablereropplæring

Vinn – verdiskapning i norsk næringsliv

E-læringskurs om kunnskapsprøva

Helsedirektoratet si temaside