vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Kommunalt næringsfond og bedriftetablering

Kommunalt næringsfond

Besøksadresse:

Gamlevegen 4
3550 Gol

Kontaktperson: Erik Hansegård

Tittel: Næringsutviklar

Telefon: 930 05 235

Ekstraordinære tilskotsmidlar som fylgje av Covid-19 tiltak

Som del av krisepakke 3 og for å motvirke effekten av koronatiltak, har Viken fylkeskommune tildelt næringsfondet i Gol kommune kr. 3.100.000.-.

Målgruppa for ordninga er bedrifter og næringsaktørar.
Ved tildeling av midlane blir bransjer som er hardast ramma av koronakrisa prioritert.
Det vert oppfordra til lokale og regionale samarbeidsprosjekt, i den grad det kan oppnåast bransjespesifikke synergieffektar.

Kven og kva det kan gjevast tilskot til

Det kan gjevast tilskot til bedrifter, etablerera og andre næringsaktøra. Med næringsaktør meiner ein aktør som tilrettlegg for og/eller gjev støtte til næringsutvikling. I vurdering av søknadene om tilskot vert det lagt særs vekt på:

a. i kor stor grad tiltaket fremjer auka aktivitet, sysselsetting og verdiskapning basert på lokale utfordringar, behov og potensiale
b. i kor stor grad bedriftsretta tiltak, tilskot til etablerera og andre næringsretta tiltak antek til å motvirke negative virkningar av covid-19 utbrotet
c. kor raskt tiltaket kan setjast i gang

Midlertididig forskrift om tilskot til næringsfond som fylgje av covid-19-utbrotet

Korleis søkje

Send inn søknad via www.regionalforvaltning.no.
Ta kontakt med næringsutviklar Erik Hansegård - erik.hansegaard@gol.kommune.no eller på telefon 930 05 235 om du har spørsmål knytta til søknaden.

Søknadsfrist er 1.oktober 2020, men kommuna oppfordrar til å søkje så snart som råd.

Kommunalt næringsfond

Næringsfondets formål er å fremje følgjande i prioritert rekkefølgje:

  1. etablere ny verksemd
  2. vidareutvikling av eksisterande bedrifter som gir økt sysselsetjing
  3. vidareutvikling av bedrifter som gir auka tenesteyting

Fullstendig vedtekt finn du her:

Vedtekter for næringsfondet i Gol kommune
Vedteken av Gol kommunestyre i K-sak 15/16 den 21.06.2016.

Søknadsfristar

Søknadsfristane for næringsfondet er 10. januar og 1. august kvart år.
Søknadsskjema finn du i word og pdf.
Kommunens søknadsskjema nyttast for at søknaden skal bli vurdert.

Hjelp og tilskot til bedriftsetablering

Etablering av ny næringsbedrift- vilkår:

Hallingdal etablerersenter gjev gratis og uavhengig rettleiing.
Søkjarar som ynskjer å etablere ny bedrift må ta kontakt med Hallingdal etablerersenter for utarbeiding av forretningsplan. Det er eit vilkår for at søknaden blir vurdert.

Bedriftsetablering inneber at ein byrjar på noko nytt og ukjent, og ein må ta stilling til nye problemstillingar. Det er mykje ein må skaffe seg oversikt over, slik som fristar, lover og reglar, arbeidsmengde og forventa inntening.

Hallingdal Etablerarsenter

For å hjelpe nye etablerarar har alle kommunane i Hallingdal gått saman om å opprette Hallingdal Etablerersenter. Dei har som målsetjing å:

  • gje råd og rettleiing til personar som ynsker å starte eiga bedrift
  • gje informasjon om ulike lover og reglar knytt til etablering
  • bidra til å auka etablering i Hallingdal
  • gje informasjon og opplæring om etablering av bedrift
  • vidareutvikle/yte bistand til eksisterande bedrifter
  • gjennomføre etablerarkurs og temakveldar
  • informasjon om tilskotordningar
  • vere døropnar mot finansieringskjelder utanfor vårt distrikt, særleg Innovasjon Norge

Dagleg leiar Trond Ask Henriksen har kontor på Hallingdal Næringshage på Gol, men han møter gjerne etableraren ute.

Næringsutvikling

Næringsfondet gir også stønad til vidareutvikling av eksisterande bedrifter, eit vilkår er at stønaden må bidra til auka sysselsetjing og / eller auka tenestetilbod.

Det gis også tilskot til arrangement der dette er basert på samarbeid mellom næringsliv og frivillige lag - / organisasjonar.