vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Forskotsskatt

Driv du sjølvstendig næringsverksemd (enkeltpersonføretak) eller er deltakar i ansvarleg selskap, skal du betale forskotsskatt. Det inneber at du betaler skatten så snart inntekta oppstår. Det du betaler i forskotsskatt er berekna på bakgrunn av overskotet det førre året.

For at nye enkeltpersonføretak og ansvarlege selskap skal få tilsendt innbetalingsblankettar, må dei melde frå til skatteetaten om verksemda og gi opp kor stort overskot (eller underskot) dei ventar seg det første året. Betaling skjer til bankkontoen til skatteoppkrevjaren.

Ved manglande betaling kjem det på forseinkingsrenter frå forfall og fram til betaling skjer. Viss kravet ikkje blir betalt frivillig, kan skatteoppkrevjaren starte tvangsinnfordring, og det vil komme på kostnader i samsvar med rettsgebyrlova.

Dersom du ikkje er samd i fastsetjinga, eller du ønskjer å endre forskotsskatten, vender du deg til skatteetaten.

Skatteetaten fastset kva som skal betalast i skatt, mens skatteoppkrevjaren i kommunen (kemner/ kommunekasserar) tar seg av innbetalingar og innkrevjing.

Meir informasjon finst på nettsida til skatteetaten https://www.skatteetaten.no/ eller du kan ringe gratisnummer 800 80 000

 

Klage

Dersom du ikkje er samd i utskrivinga av forskotsskatt, kan du søkje om endring av denne på nettsida til skatteetaten.

 

Aktuelle linkar

Lov om betaling og innkreving av skatte- og avgiftskrav, kap. 6 (Forskotsskatt - personlege og upersonlege skattytarar)

Lov om rettsgebyr