vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Tilskot i landbruket

Tilskot i landbruket

Drenering av jordbruksjord

Målet med tilskotsordninga er å auke produksjonsevna til jorda og redusere faren for erosjon og overflateavrenning av næringsstoff til vassdrag. Meir informasjon finn du på Landbruksdirektoratet
Det er elektronisk søknad via ALTINN.

 

SMIL - Tilskot til spesielle miljøtiltak i landbruket

Søknadssfrist: 1. april og 20. august

Føremålet med tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket er å fremje natur- og kulturminneverdiane i jordbrukets kulturlandskap og å redusere ureininga frå jordbruket utover det som kan forventast gjennom vanleg jordbruksdrift. 

Pengane blir forvalta ut frå ein felles tiltaksstrategi for jordbruket i Hallingdal 2020 – 2023 og felles retningsliner for tildeling av SMIL. Tildelinga blir gjort kommunevis og søknadene blir vedtatt av SMIL – utvalet.
Det kan gjevast tilskot til føretak eller eigar som driv og/ eller eig ein landbrukseigedom.  (som nemnt i § 3 og 4) 
Frist for å søkje om tilskot til spesielle miljøtiltak (smil) er 1. april og 20. august kvart år. Her er elektronisk søknadsskjema.

Meir informasjon om ordninga finn du på Landbruksdirektoratet eller ved å kontakte kommunen. 

 

Tidlegpensjon for jordbrukarar

Jordbrukarar som har fylt 62 år og som har drive jordbruk i minst 15 år kan søkje tidlegpensjon. For å ha rett til tidlegpensjon er det bestemte krav til inntekt i ei referanseperiode på 5 år. Dette gjeld både næringsinntekt frå bruket og anna inntekt. Det er også eit krav at eigedommen er overdrege til ny eigar.  
Tidligpensjon kan ytast som einbrukarpensjon eller tobrukarpensjon.  

Søknad om tidlegpensjon finn du på Landbruksdirektoratet

Kommunen kontrollerer søknaden og vidaresender til fylkesmannen som avgjer søknaden. 
Førehandssøknad kan også sendast. Ved innvilga førehandssøknad vert det gjeve ei stadfesting på at tidlegpensjon vert utbetalt når manglande vilkår er oppfylt (t.d. sal av landbrukseigedom). Stadfestinga er gyldig i 6 månader. 

Her finn du meir informasjon om søknad og utbetaling

 

Tilskot til avløysing ved ferie og fritid

Søknadsfrist: 15. oktober

Ordninga med tilskot til avløysing ved ferie og fritid skal vere med på å fremme avløysing i jordbruket. 
Grunnlaget for fastsetjing av maksimalt tilskot er dyretalet på driftseininga pr. 1. mars og 1. oktober i avløysaråret. Kva husdyrslag og vekstgrupper som tel med, maksimalt tilskot pr. føretak, samt nedre grense for krav til tilskot og tilskotssatsar vert fastsett i jordbruksoppgjeret.  
Alle føretak må dokumentere avløysarutgifter for å få utbetalt tilskot. 

Søknadsfristen er 15. oktober i avløysaråret, og tilskotet vert utbetalt i februar.
Det kan kun søkjast elektronisk vi Altinn.

Tilskot ved sjukdom og fødsel mv

Ein som har næringsinntekt frå føretaket kan få tilskot til avløysing ved sjukdom, svangerskap/fødsel, sjuke barn og dødsfall. 

Elektronisk søknadsskjema finn du her.

Meir informasjon Landbruksdirektoratet sine nettsider eller ta kontakt med avdeling for Landbruk og miljø.

 

Produksjonstilskot i jordbruket

Søknadsfristfrist: 15. mars og 15. oktober

Føretak som driv vanleg jordbruksproduksjon og disponerer dyr og/eller areal, kan søkje produksjonstilskot. Alle føretak som ønskjer å søkje produksjonstilskot må ved registreringstidspunktet vere registrert i Einingsregisteret.

Søknadsfrist 15. mars med teljedato 1.mars for husdyrprodusentar 
Søknadsfrist 15. oktober med teljedato 1. oktober for alle søkjarar 

Det er elektronisk søknad via ALTINN og tenesta er tilgjengeleg frå 15 dagar før søknadsfristane.

Ønskjer du meir opplysningar om produksjonstilskot sjå Landbruksdirektoratet eller ta kontakt med avdelinga for landbruk og miljø.
Endring av kontonummer må gjerast elektronisk via ALTINN.

 

Regionalt miljøprogram (RMP) i Oslo og Viken

Søknadsfrist: 15. oktober

Regionale miljøtilskot er produsentretta tilskotsordningar for landbruket som er definert i Regionalt miljøprogram for Oslo og Viken fylke. 
Det er fastsett eigen forskrift for kvart fylke. Meir informasjon om dei ulike ordningane står på nettsida til Fylkesmannen i Oslo og Viken.

Elektronisk søknad skal sendast til kommunen som handsamar søknadene.

Søknadsfrist er 15.oktober. 

Rettleiing og hjelpevideoar finn du på nettsida til Fylkesmannen.

Tilskot i landbruket

Besøksadresse:

Gamlevegen 4
3550 Gol

Kontaktperson: Tove Solheim

Tittel: Rådgjevar landbruk

Telefon: 32 02 90 75

Kontaktperson: Iver Ransedokken

Tittel: Landbrukskonsulent

Telefon: 32 02 90 74