vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Rovvilt

Om rovviltforvaltninga i Viken

Fleire offentlege instansar, organisasjonar og personar har ei rolle i rovviltforvaltninga i Viken.

Tre av desse er:

  1. Fylkesmannen i Oslo og Viken
  2. Rovviltnemda for region 2 (Aust-Agder, Telemark, Buskerud og Vestfold)
  3. Statens Naturoppsyn (SNO)

SNO har åtte rovviltkontaktar i Buskerud. Dei utfører skadedokumentasjon ved mistanke om rovdyrskade på bufe/tamrein, og kontroll med meldingar om spor og sporteikn etter store rovdyr. Husdyreigar skal uavhengig av kadaverets tilstand melde frå med ein gong dersom det er mistanke om rovviltskade.

Rovviltkontakter i Hallingdal

Gol og Hemsedal:
Harry Granli, tlf: 907 67 334

Nesbyen, Krødsherad og Flå:
Kåre P. Rasmushaugen, tlf: 414 20 819 eller 32 07 21 73

Ål og Hol:
Hans Vidar Nestegard, tlf: 901 88 138 eller 33 08 81 38

Dersom ikkje lokal rovviltkontakt i oversikta er tilgjengeleg, skal den næraste kontaktast, eller kontakt SNO sin regionalansvarlege på tlf: 975 70 975.

Ved funn av husdyrkadaver og/eller sporteikn gjer du slik:

  • La kadaveret eller sporteiknet liggje mest mogleg urørt, men dekk det gjerne til med bar slik at åtseletarar ikkje kjem til.
  • Ikkje trakk unødig i området og hald hundar unna.
  • Merk staden med markør, gjerne og så raskaste tilkomst. Vær forberedt på å kunne påvisa staden for SNO
  • Beskriv funnstaden, gjerne med UTM kartreferanse frå GPS og /eller kryss på kartet
  • Meld frå til rovviltkontakten snarast mogelg. Det er husdyreigars ansvar og sørgje for at kadaver vert meldt til SNO, og å vere tilgjengeleg for påvisning
  • Sjekk området for ytterlegare kadaver eller sporteikn.