vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Motorferdsel i utmark

Natur og miljø

Besøksadresse:

Gamlevegen 4
3550 Gol

Kontaktperson: Jørn Magne Forland

Tittel: Miljøvernrådgjavar

Telefon: 32 02 90 76

Om motorferdsel i utmark

I henhald til lov om motorferdsel i utmark og forskrift om bruk av motorkøyretøy i utmark og på islagt vann er det i utgangspunktet forbodt å bruke motorisert køyretøy i utmark. 

Formålet med lova er ut frå eit samfunnsmessig syn å regulere motorferdsla i utmark og vassdrag med sikte på å verne om naturmiljøet og fremje trivselen. 

Utmark er i hovudsak udyrka mark. 

Veg i utmark som ikkje er opparbeida for køyring med bil, det vil si traktorveg, anses som utmark. Det same gjeld veg som ikkje er brøyta for køyring med bil. 

Køyring utan løyve

Følgande har unntak frå lova:

  • Jord- og skogbruksdrift
  •  Uttransport av felt hjortevilt
  •  Politi og redningsteneste
  • Offentleg oppsyn- og teleteneste
  • Oppkøyring av skiløypar med idrettslag m.m.

Søkje om løyve

Om du skal køyre i utmark for andre formål, må du fyrst  søkje om løyve av kommunen. 

Søknader om løyve til å bruke snøskuter vert handsama etter lov om motorferdsel i utmark og forskrift om bruk av motorkøyretøy i utmark og på islagt vann, samt lokal forskrift for Gol kommune.  

Informasjon i søknaden: 

  •  Namn
  •  Adresse
  •  Registreringsnummer på køyretøyet
  •  Formålet med køyringa 
  •  Køyrestrekning - innteikna på kart
  •  Tidsrom for når køyringa skal skje

Informasjon til søkjar

Køyring du må søkje om løyve til

§ 5 a Leigekøyring
Fastbuande som treng attåtnæring, kan søkje om løyve til å ta på seg følgjande transportoppdrag for andre:

  • Transport mellom bilveg og hytte
  • Tilsyn med privat hytte på oppdrag av eigar
  • Transport for massemedia på reportasjeoppdrag
  • Transport for funksjonshemma
  • Transport av ved
  • Transport som det er gjeve løyve til etter § 6 ( Sjå under).

Leigekjøringsløyver blir tildelt fleire år for gongen. Ved utgangen av ein periode vil det verte høve til å søke på nytt. Søknadsfrist blir utlyst i Hallingdølen og på kommunens nettsider.

§ 5 b Køyring for funksjonshemma.
Gjeld køyring med eigen snøscooter for varig funksjonshemma personar. Legeattest skal sendast inn ved søknad om løyve.
(Løyve vert gjeve for 3 år om gongen)

§ 5 c Transport av bagasje og utstyr mellom bilveg og hytte.
Eigar av hytte for transport av bagasje og utstyr mellom bilveg og hytte som ligg minst 2,5 km frå brøyta bilveg, når det i området ikkje er høve til leigekøyring. (Løyve vert gjeve for 3 år om gongen).

§ 5 d Køyring i utmarksnæring for fastbuande.

Det må dreie seg om næring med ei viss inntektsmessig betydning. Kommunen kan eventuelt krevje framlegging av næringsoppgåve Døme på slike løyver er transport til eigne utleigehytter, og naudsynt transport i samband med næringsmessig jakt og fiske.

(Løyvet vert gjeve for 3 år om gongen.)

§ 5 e Transport av ved
Løyve gjeld transport av ved frå eigen eigedom til anna stad enn fast bopel og transport av ved frå andres eigedom.

§ 5 f Gruppeturar på snødekt mark for beboarar på helse - og omsorgsinstitusjonar, medlemmer av pensjonistforeninger elelr forflytningshemma. Turane må vere i regi av helse- og omsorgsinstitusjonar eller ideelle organisasjonar.

§ 6 Andre unnatak.
Dvs. viss den som søkjer har særskild bruk for snøscootertransport som ikkje knyter seg til turkøyring, og som ikkje kan bli dekt på annan måte.

 

Områder i Gol med særskilde reglar

Følgande steder er verneområder, og har eigne verneforskrifter. 

  •  Metubba naturreservat
  •  Lyseren naturreservat 
  •  Veikulåsen naturreservat
Søkjar sine rettar

Du får vurdert søknaden etter gjeldande regelverk, og får attende eit grunngjeve svar om søknaden er innvilga eller ikkje.
Dersom den ikkje vert innvilga, vil du ofte få melding om det går an å få leigd snøscootertransport.

Ved misleghald av løyver, eller dersom føresetnadane for løyvet fell bort, kan dispensasjonen dragast inn med ein gong.

Dersom løyve vert gjeve, pliktar løyvehavar å: 
  • syte for løyve frå aktuelle grunneigarar.
  • vise løyvet fram ved kontroll. Motorkjørety til leigekøyring skal vere utstyrt med eit lett synleg tildelt merke og skal i tillegg ha løyvedokumenta med for framsyning ved ev. kontroll.
  • syte for at motorferdsel i utmark og vassdrag skal vere forsiktig og omsynsfull for å unngå skade og ulempe for naturmiljø og menneske.
  • avgrense køyringa til det mest naudsynte. 

 

Leigekjøyringsløyve i Gol kommune 
Leigekøyringsløyve i Gol kommune i perioden 01.01.2021 - 31.12.2023  
       
Hoftun og Høvreslia      
Fornamn Etternamn Telefonnr.  
Ole  Solli 32068127/ 91383817  
Martin B Markussen 9528109  
       
Tretteskogane, Rekkjeset og Møne Stølslag(Golsfjellet)  
Fornamn Etternamn Telefonnr.  
Idar  Smøttebråten 91383715  
       
Hesla-Vermeli-Skutuset, Einarset, Guriset, Oset og Kamben(Golsfjellet)  
Fornamn Etternamn Telefonnr.  
Arne Nibstad 97978000  
       
Lauvset, Storla-Vermeli, Skrøyvestølan, Hjartingsstølan, Lauvsjø, Aunehauglia og Tunnetjern stølslag(Golsfjellet)
Fornamn Etternamn Telefonnr.  
Lars Erik  Rolid 48136620  
       
Nøreli stølslag      
Fornamn Etternamn Telefonnr.  
Olav W.veslestølen 92429945/ 32061848

 

       
Nystølen, Habbeset, Smylistølan, Narveset og Snuforinkje (Skaraåsen mot Ål)
Fornamn Etternamn Telefonnr.  
Lars Erik  Rolid 48136620  
Knut Terje Haugen 90560025  

Søknad - papirskjema

Søknad om løyve - papirskjema.