vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Miljøfyrtårn

Kva er Miljøfyrtårn

Miljøfyrtårn er Noregs mest bruke sertifikat for bedrifter som vil dokumentere sin miljøinnsats og vise samfunnsansvar. Over 6700 bedrifter er sertifisert Miljøfyrtårn per juli 2020.

Å vere sertifisert Miljøfyrtårn inneberer systematisk arbeid med miljøtiltak i kvardagen. Bedriftene oppfyller kriteria og gjennomfører tiltak for ein meir miljøvennleg drift og eit godt arbeidsmiljø. 

Korleis bli sertifisert

Miljøsertifisering inneberer at ein bedrift gjennomfører ei miljøkartlegging og sett opp ein handlingsplan for å innfri kriteria i ein bestemt sertifiseringsordning. Når det er bekrefta at kriseria er oppfylt, vil bedrifta fåt utdelt eit miljøsertifikat. 

Meir informasjon om Miljøfyrtårn og prosessen finn du på miljofyrtarn.no

Sertifiserte bedrifter i Gol kommune

Kommunale verksemder

  • Breidokk barnehage
  • Gol kommune, kommunehuset
  • Gol skule
  • Vesterhuset barnehage

Private bedrifter

  • Fretex Miljø AS, Gol
  • Gol vidaregåande skule
  • Hallingdal klinikkområde
  • Maxbo, Gol
  • Pers Hotell
  • Riis Montasje AS, Gol
  • Skaruha.no Reklame AS
  • Sparebank 1 Hallingdal Valdres
  • Sparebank 1 Hallingdal Valdres - Gol, bankbygget
  • Storefjell Resort Hotell
  • VINN AS Hallingdal
  • Vinmonopolet, Gol
  • VVS Miljø AS