vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Konsesjon og buplikt

Konsesjon og buplikt

Konsesjon betyr løyve til erverv av fast eigedom. Formålet med konsesjonslova er å regulere og kontrollere omsetjinga av fast eigedom for å oppnå eit effektivt vern av produksjonsareala i landbruket og slike eigar- og brukstilhøve som er mest gagnlege for landbruket, jamfør konsesjonslova §1.  

Nokre eigedomar krev søknad om konsesjon. Dette gjeld også leigerett og annan liknande bruksrett over fast eigedom med avtaletid over 10 år. Eigedom som er bebygd, ikkje over 100 dekar der ikkje meir enn 35 dekar av arealet er fulldyrka er ikkje konsesjonspliktig. Det er fleire andre unntak frå konsesjonsplikta også, bla ved slektskap og odelsrett. Ta kontakt med kommunen om du er usikker på om ervervet er konsesjonspliktig.  

Det er i hovudsak konsesjonslova som styrer buplikta i landbruket. 

Personleg buplikt oppstår ved erverv av landbrukseigedom innan slekt, og gjeld bebygd eigedom der fulldyrka og / eller overflatedyrka jord er meir enn 35 daa, eller eigedomen har meir enn 500 daa produktiv skog. Oppfylling av den lovbestemte buplikta er ein føresetnad for at nokon med odelsrett eller i nær slekt kan erverve landbrukseigedom av ein slik storleik konsesjonsfritt. 
 
Det oppstår lovbestemt buplikt på bebygd eigedom som fyller krava til odlingsjord når den nye eigaren har overtatt eigedomen frå nær familie eller har odel til den. Ervervar har eit års tilflyttingsfrist etter at eigedomen er overteke. Om man ikke kan eller vil tilflytte eiendommen innen dette året må ny eier søke konsesjon. Boplikta er personlig og varer nå i 5 år. Buplikt kan og oppstå som eit vilkår for konsesjon. 

0-konsesjon i Gol kommune

I Gol kommune, som har innført 0-konsesjon etter §7 i konsesjonslova, vil buplikta gjelde alle eigedomar opp til 100 daa totalareal som er eller har vore i bruk som heilårsbustad. I slike tilfelle kan buplikta oppfyllast ved bortleige. 

Eigenerklæringsskjema kan nyttast ved slike overdragingar når ervervaren på eigenerklæringsskjema forpliktar seg til at eigedomen skal nyttast som heilårsbustad enten av seg sjølv eller andre. Link til skjema

Buplikta er oppfylt når eigaren er registrert busett på eigedomen etter reglar fastsett i eller i medhold av lov 16. januar 1970 nr 1. om folkeregistrering. 

Treng du informasjon om konsesjon eller buplikt så kan du ta kontakt med avdeling for landbruk og miljø, eller ved å gå inn på Landbruksdirektoratet sine heimesider.  

Gebyr for behandling av konsesjonssøknad 
Beløp pr. sak kr 5000,-