vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Jordloven

Deling av landbrukseigedom

Eigedom som er nytta eller kan nyttast til jordbruk eller skogbruk kan ikkje delast utan samtykke frå kommunen. Føremålet med jordlovas §12 er å sikre at driftseininga sitt ressursgrunnlag ikkje vert redusert.

Den som har heimel til ein eigedom kan søkje om frådeling og omdisponering. Ein søknad om frådeling etter jordlova skal behandles etter § 12. I ein del tilfelle skal søknaden også behandlast etter Plan- og bygningslova, eks der man søkjer frådeling til bustadformål ol. Disse søknadene er da dispensasjonssøknader etter Plan- og bygningslova. Det er viktig at søknadene vert grunngjeve. Det er kommunen som avgjør søknaden. Nokon søknader må til Fylkesmannen, Fylkeskommunen og Statens vegvesen på høyring.

Grunngjeven søknad om deling vedlagt nabovarsel skjema og kartutsnitt skal sendast avdeling for landbruk og miljø i kommunen. Søknaden må innehalde ei nærare omtale av eigedomen, bakgrunnen for søknaden om frådeling og kart som viser plasseringa av arealet det blir søkt om frådeling av.

Kartutsnitt som viser omsøkt frådelt areal kan ein finne på se eiendom. Kartutsnitt kan ein også få ved henvendelse til tenestetorget i kommunen.

Det er Utval for natur og næring som avgjer søknader om deling av landbrukseigedomar i Gol.

Meir info om omdisponering og deling finn du Landbruksdirektoratet.

Gebyr for delingssaker etter jordlova - Fastsett ved forskrift frå departementet
Beløp pr. sak kr 2000,-

Aktuelle linkar

Forvaltningslova

Jordlova § 12

Forskrift om gebyr for behandling av konsesjons- og delingssaker

Driveplikt

Jordbruksareal skal drivast. Driveplikta gjeld fulldyrka jord, overflatedyrka jord og innmarksbeite. Den globale utfordringa knytt opp mot matsikkerheit, klima og befolkningsauke gjer det stadig viktigare å styrke virkemidlar som kan bidra til matproduksjon. Dyrka og dyrkbar jord er ein begrensa ressurs, og også ein viktig del av kulturlandskapet. Eigaren av jordbruksareal har eit viktig forvaltaransvar i denne samanhengen. Driveplikta skal sikre matproduserande areal på ein slik måte at dyrka/overflatedyrka mark og innmarksbeite vert halde i god stand samstundes som ein tek vare på kulturlandskapet.

Det er ikkje krav om lønsam drift, eller at drifta skal vera optimal. Den aktuelle drifta kan imidlertid ikkje vera slik at produksjonseigenskapane vert forringa over tid. Produksjon av blomar eller hestehald vert ansett som tilstrekkeleg for at driveplikta er oppfylt.

Driveplikta kan oppfyllast ved at eigar driv jorda sjølv eller ved at det vert inngått leigeavtale med andre om drift av areala.

Inngåtte leigeavtaler skal sendast kommunen.Kommunen skal føre tilsyn med at driveplikta vert oppfylt, og kan gi pålegg om bortleige av jord eller leige bort jord.

Driveplikta er fastlagt i jordlova § 8.

Aktuelle linkar

Driveplikten etter jordloven (rundskriv M-3/2011)

Forvaltningsloven