vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Jordbruk

Tilskot i landbruket

Besøksadresse:

Gamlevegen 4
3550 Gol

Kontaktperson: Tove Solheim

Tittel: Rådgjevar landbruk

Telefon: 32 02 90 75

Kontaktperson: Ingvild Sundgot

Tittel: Landbrukskonsulent

Telefon: 32 02 90 74

På avdeling for Landbruk og miljø kan du få faglege råd om resultatområda kulturlandskap, husdyrbruk og jord- og plantekultur i kommunen. Du kan også få informasjon om ulike lover og reglar og tilskotsordningar i jordbruket. 

Avdelinga skal vere døropnar mot finansieringskjelder utanfor kommunen, som Statsforvaltaren i Oslo og Viken og Innovasjon Norge.

 

Avdelinga skal medvirke til at jordbruksressursane vert nytta på ein samfunnsmessig, økonomisk og miljømessig forsvarleg måte. Lovsaker i jordlov, konsesjonslov og forpaktingslov vert handsama hjå avdelinga.

 

Uttak av torv i Gol

Grunneigar som ynskjer å ta ut og/eller selje torv frå dyrka eller dyrkbar mark må søke Gol kommune om løyve etter § 9 i jordlova. 

Send søknaden til Gol kommune. Legg ved eit kart der arealet er teikna inn og målt opp. Kart kan enklast hentast på kartverket.

 

Bakkeplanering

Reglar for bakkeplanering står i kapittel 4 i forureiningsforskriftaDet vert rekna som planering etter denne forskrifta når det vert flytta masse som berører eit areal på minst 1,0 dekar. 

Alle anlegg må være innretta slik at det ikkje oppstår forureining. 

Planeringsfelta skal vera utført i samsvar med Tekniske retningslinjer for anleggdrift og vedlikehald av planeringsfelt fastsett av Landbruks- og matdepartementet.  

Det er søknadsplikt for anlegg av planeringsfelt. Før planlegging av planering vert sett i gang skal det sendast ein forenkla søknad til kommunen. 

Søknaden sendes til kommunen og skal innehalde kart. Viktige natur/terrenginngrep, bekkelukkingar o.a. skal merkast av på kartet. Kommunen avgjer på bakgrunn av den forenkla søknaden om planeringa krev løyve etter forskrifta. 

Eigar og brukar av areal som er eller blir planert, er ansvarlig for at reglar om bakkeplanering med tilhøyrande retningslinjer vert følgt. 

 

Nydyrking skal godkjennast av kommunen før igangsetting. Det gjeld uavhengig av storleiken på arealet.  

Søknad om nydyrking skal sendast kommunen på eige søknadsskjema. Ved søknaden skal det leggjast ved kart som viser det planlagde nydyrkingsarealet, eigedomen og området omkring, Kart kan enklast hentast på kartverket

Ta kontakt med avdeling for Landbruk og miljø dersom du har planar om nydyrking. Kommunen sender alle søknader om nydyrking på høyring til Buskerud fylkeskommune. Ofte ønskjer dei å foreta synfaring, spesielt dersom det er registrert kulturminne i området tidlegare. Dersom nydyrkinga kan berøre vesentlege miljøverdiar vert saka også sendt på høyring til Fylkesmannen. Uttalefrist er minimum 1 månad. 

Dersom nydyrkinga omfattar meir enn 14,9 dekar over ei 5-årsperiode vil tiltakshavar få krav om å dekke kostnadene til ev. kulturminneundersøking, jf. rundskriv T/2/99.

Det er Utval for natur og næring som avgjer søknader om nydyrking i Gol kommune. I kurante saker under 10 dekar kan administrasjon gjere vedtak. 

Søknadsskjema og rettleiing til søknad finn du her. 

 

Omdisponering av jordbruksareal

Omdisponering av dyrka og dyrkbar jord må ikkje skje utan samtykke frå kommunen.  

Søknad om omdisponering skal sendast kommunen. Søknaden må vere grunngjeven og nabovarsla, og det må leggast ved kartutsnitt som syner omsøkt omdisponert areal. Kartutsnitt og skjema for nabovarsling får ein på Gol tenestetorg.  

Det er Utval for natur og næring som avgjer søknader om omdisponering. I kurante saker som gjeld omdisponering av dyrka jord til skogsmark for areal ikkje over 25 daa, kan administrasjonen gjere vedtak.  

 

Husdyrgjødsel, silopressaft og avløpsslam

Reglar for bruk og oppbevaring av husdyrgjødsel, silopressaft og avløpsslam er heimla i Forskrift om gjødselvarer mv. av organisk opphav. Del III, kapittel 6 og 7, i forskrifta omhandlar lagring og bruk. 

Bruk av husdyrgjødsel, silopressaft og avløpsslam skal inngå i gjødslingsplan, jf forskrift om gjødslingsplanlegging. Husdyrgjødsel kan berre spreiast på godkjent spreieareal 

Spreiing skal så langt det er mogleg skje i vekstsesongen frå våronnstart til 1. septemberDet er forbode å spreie husdyrgjødsel, avløpsslam og silopressaft på snødekt og frossen mark, og i perioden frå og med 1. november til og med 15. februar. I perioden mellom 1. september og 1. november er det berre lov å spreie gjødsel for nedmolding. Husdyrgjødsel spreidd på open åker skal moldast ned straks, og seinast 18 timar etter spreiing.

Kommunen kan i særlege tilfelle dispensere frå reglane om bruk og lagring, med unntak av visse reglar for avløpsslam, jf. § 31 i forskrifta. 

For bruk av avløpsslam er det spesielle reglar, jf § 25 i forskrifta.  

Meir informasjon om bruk av avløpsslam finn du på nettsidene til Miljøretta Helsevern HallingdalHer finn du også meldeskjema som skal sendast kommunen seinast 14 dagar før første levering av slam. 

For meir informasjon ta kontakt med kommunen, avdeling for Landbruk og miljø.   

 

Treng du nye jordprøver?

Jordprøvene er grunnlag for gjødslingsplanen din og skal ikkje vera eldre enn 8 år.  

Treng du å ta nye jordprøver så har landbrukskontoret jordbor til utlån, samt prøveboksar og eskar du kan nytte for innsending av prøvene.