vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Handlingsplan for landbruket

Om handlingsplan for landbruket

Planen skal synleggjere landbruksnæringa sitt mangfald i høve til lokal verdiskaping, sysselsetjing, busetnad og kulturlandskap. Planen skal vidare stimulere til syssesetjing og eit aktivt framtidig landbruksmiljø i kommunen. 

Handlingsplan for landbruket er vedteke 07.09.2010 i kommunestyret i sak 50/10.

 

Varsel om start av handlingsplan for landbruket i Gol

Gol kommune skal utarbeide ny handlingsplan for landbruket i Gol. Den vil erstatte Revidert handlingsplan for landbruket i Gol, vedteken i kommunestyret 07.09.2010. Gol kommune varslar med dette start av arbeidet.

Handlingsplanen er ein fagplan. Den skal ta opp nasjonale føringar og konkretisere lokale mål for landbruket i Gol. Planen skal vere eit styringsverktøy for administrasjonen og for politikarar. 

Hovudmålet med arbeidet vil vere å legge til rette for utvikling av landbruket på Gol, med satsingsområde og tiltak som landbruksnæringa og kommunen kan samarbeide om. Det vil og vere viktig å dra inn kryssande interessefelt som turisme og jakt. Landbruk er ein arealkrevjande næring og det kan fort oppstå interessekonfliktar om ein ikkje samarbeider på tvers.

Tema som kan vere aktuelle i planarbeidet er:

  • konkurransedyktig landbruksrelatert næring
  • berekraftig landbruk
  • jordvern
  • bruksstruktur og leigejord
  • rekruttering
  • skogbruk
  • kryssande interesser innan same areal

Innspel og merknadar til planarbeidet kan rettast skriftleg til ingvild.sundgot@gol.kommune.no innan 21.08.2021.