vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Erstatningsordningar i landbruket

Målet med ordningane er å redusere økonomiske tap som skuldast uforutsette skader som det ikkje har vore mogleg å forhindre og forsikre seg mot, og tap som følgje av offentlege pålegg og restriksjonar. Sjå også eigen side om Naturskade.

Erstatningsordningane i landbruket er heimla i jordlova og matlova.

Ordningane kan delast inn i to hovudområde:

I samband med gjennomføring av offentlege pålegg og restriksjonar i plante- og husdyrproduksjon kan ein søkje om erstatning for økonomiske tap.

Formål

Formålet med ordningane er å gje økonomisk erstatning for å redusere belastninga ved ulike tiltak mot planteskadegjerarar, sjukdommar hjå dyr og smittestoff samt restriksjonar i bruk av utmarksbeite pga. rovvilt. Erstatningar etter offentlege pålegg og restriksjonar i plante- og husdyrproduksjon er fastsett i eigen forskrift frå 2016.  Det er eigen forskrift frå 2010 om kompensasjon ved restriksjonar i bruk av utmarksbeite på grunn av rovvilt.

Ulike ordningar

Det finst følgjande ordningar for å erstatte tap etter offentlege pålegg og restriksjonar i landbruket:

  • Pålagt nedslakting av husdyr som følgje av husdyrsjukdom
  • Tap i ei pålagt opphaldsperiode
  • Nedfôringskostnader mv. som følgje av radioaktivitet
  • Frivillig nedslakting av småfebesetning pga skrapesjuke eller CAE/mædi-/visnavirus
  • Offentlege pålegg som følgje av planteskadegjerarar
  • Flytterestriksjonar på bier
  • Kompensasjon ved restriksjonar i bruk av utmarksbeite på grunn av rovvilt

Pålegg

Søkjarar vert oppmoda om å ta kontakt med Fylkesmannen så raskt som mogleg etter å ha motteke eit pålegg.

Søknadsskjema

For alle ordningane er det mogleg å sende elektronisk søknad via Altinn. Dette har fordelar både for søkjar og forvaltning. Papirskjema finn du på nettsida til Landbruksdirektoratet. Det er eit felles søknadsskjema SLF-278 for alle ordningane, med unntak for radioaktivitet som har eige skjema. Tenestetorget i kommunen kan også hjelpe til med å finne skjema. 

Kvar søknaden skal sendast

Søknad for alle erstatningsordningane skal sendast til fylkesmannen. Landbruksdirektoratet er klageinstans og forvaltar regelverket for erstatningsordningane i landbruket.

Meir informasjon

Detaljar om den enkelte ordning kan du lese om på nettsida til Landbruksdirektoratet eller ved å kontakte kommunen eller Fylkesmann.

Jordbruksføretak kan få erstatning for å redusere økonomiske tap ved klimabetinga svikt i plante- eller honningproduksjon, som det ikkje er mogleg å sikre seg mot.

Vilkår

Erstatning ved klimabetinga skader i plante- og honningproduksjon gjeld for føretak som fyller vilkåra for å motta produksjonstilskot og avløysartilskot i jordbruket. Ordninga gjeld berre skader som er forårsaka av kimatiske forhold (været) og som det ikkje er mogleg å tegne privat forsikring mot. Erstatningsordninga er heimla i erstatningsforskrifta frå 2012. Satsane for erstatning er fastsett i sats- og beregningsforskrifta frå 2018.

Kva er klimabetinga skader

Svikt i produksjonen utover 30 % av gjennomsnittsproduksjonen (pr. vekstgruppe eller i honningproduksjon) som skuldast været kan gje rett på erstatning. Skader forårsaka av sjukdom, skadedyr og ugras vert ikkje dekka.

To ulike ordningar: 

  • Erstatning ved avlingssvikt
  • Erstatning ved svikt i honningproduksjon

Meld umiddelbart frå om skade

Føretaket må melde frå til kommunen om mogleg avlingssvikt og svikt i honningproduksjon med ein gong føretaket kan få produkssjonssvikt. Dette må gjerast utan ugrunna opphald og før innhausting og slynging. Melding skal gjerast uavhengig av søknadsfrist og er ein føresetnad for å få behandla ein søknad om erstatning.

Søknadsfrist/behandling 

Søknadsfristen til kommunen er 31. oktober kvart år. Det er kommunen som handsamar søknaden. Fylkesmannen er klageinstans.

Søknadsskjema

Det skal leverast elektronisk søknad som ein finn på nettsida til Landbruksdirektoratet. Kommunen ved Tenestetorget eller Landbruk- og miljø kan også hjelpe med å finne rett skjema.

Meir informasjon

Detaljar om den enkelte ordning kan du lese om på nettsida til Landbruksdirektoratet eller ved å kontakte kommunen eller Fylkesmann.