vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Biologisk mangfold og verneområde

Biologisk mangfald

Definisjonen på biologisk mangfald er variasjonen av livsformer.

Kunnskapen om det biologiske mangfaldet er middles god. Det vi kjenner minst til er artsmangfaldet i skog, våtmark og fjell, medan vi har best kunnskap om artane knytt til kulturlandskapet.

Biologisk mangfald finn vi på tre ulike nivå:

- økosystem (naturtypar)
- artar
- innan artar (genar)

Kartlegging av det biologiske mangfaldet

I Gol vart det utført ein kartlegging av det biologiske mangfaldet i 2003. DN-Handbok nr. 13- kartlegging av naturtypar og DN-handbok nr. 11 (Viltkartlegging) ble brukt til denne kartlegginga.

Resultat frå kartlegginga i Gol kommune

Rapport frå fellesprosjektet med BM-kartlegginga i Hallingdal.

Fylkesmannen starta i 2010 eit arbeid med å gå over tidlege kartlagde naturtypar. Det vart og kartlagt heilt nye områder. Arbeidet vart utvida til å gjelde viktige våtmarksområder for fugl, samt ein nærmare sjekk av utvalde MiS-lokalitetar med A-verdi. Arbeidet vart ferdig i 2013.

Rapporten frå rekartlegging og nykartlegging kan du lesa her

Tilleggsrapport lokalitetar Gol 2013

Vilt og innlandsfiskenemnda har gitt midlar til kartlegging av kommunes storfuglleikar og våtmarksområde på Golsfjellet. Fylkesmannen støttar arbeidet økonomisk.

Kartlegginga av våtmarksområder og storfuglleikar i Gol kan du lese meir om her.

Slåttemarka på Renslo

Renslo er ein kommunal eigedom og ligg sentralt i Gol, omlag 1 km frå sentrum.

Gol kommune og private eldsjeler samarbeider om å halde eigedomen ved like, til dømes gjennom årleg slått og rydding av vegetasjonen.

Slåttemarka på Renslo er registert som slåttemark-naturtype etter DN-handbok nr 13, og har regional verdi (B). Sjå faktaark.

Det er utarbeida eigen skjøtselsplan for Renslo.

Verneområder i Gol kommune

Metubba – Brenne

Området består av eit landskap med varierande typar myr og vegetasjon. Området viser dei fleste typar myr og myrplanter som er typisk for regionen. Det er eit viktig hekkeområde og trekkrasteplass for våtmarksfugl.
Forskrift om fredning for Metubba naturreservat, Gol kommune, Viken

Lyseren

Ligger nær Klanten flyplass. Reservatet består av eit våtmarkssystem i bjørkeregionen mot fjellet. Lysern er ein del av eit større kompleks med myrer, vierkratt og fjellbjørkeskog. Lysern er eit viktig hekkeområde og trekkrasteplass. Det er registrert 30 artar av våtmarksfugl og av desse er fleire raudlista og regionalt sjeldne. Området er eit av dei beste våtmarksområda i Hallingdal med stor verdi for viltet.
Forskrift om fredning for Lyseren naturreservat, Gol kommune, Viken

Veikulåsen

Føremålet med fredninga er å ta vare på eit nesten urørt naturområde med sitt biologiske mangfald i form av naturtypar, økosystem, artar og naturlege økologiske prosessar. Området har ein særskilt betydning som eit regionalt stort skogsområde med store topografiske variasjonar. Området har betydning for soppartar knytt til daud ved, og skogen vil på sikt kunne oppnå god kontinuitet ved ein aukande mengde daud ved.
Forskrift om fredning for Veikulåsen naturreservat, Gol kommune, Viken

Flatdalsåsen

Føremålet med naturreservatet er å bevare eit skogområde som representerer ein bestemt type natur i form av gammal og lite påverka skog og en svært verdifull bekkekløft. Vidare er føremålet å verne eit område som har særlig betydning for biologisk mangfald ved at det består av store areal med gamle trær og mye daud ved, som gir et stort artsmangfald. Området inneheld trua, sjeldan og sårbar natur.
Forskrift om fredning for Flatdalsåsen naturreservat, Gol kommune, Viken