Merking av dyr på utmarksbeite
Kvar sommar er det ca 4 400 sau på utmarksbeite i Gol kommune. Igjennom Gol beitelag SA samarbeidar alle sauebøndene om tilsyn og sank.
All sau har øyremerke for identifikasjon. Ved bruk av forskjellige fargekombinasjonar skil sauebøndene sine dyr i frå dei andre.
I tillegg til øyremerkefarge er det prega inn namn og telefonnummer i øyremerkene. Sjå difor både på innsida og utsida av merket etter informasjon.
Denne informasjonen skal være til hjelp for å finne eigar hvis du skulle koma over eit dyr i utmarka som trenger hjelp, er på feil stad, eller har omkome.
I dette skrivet finn du oversikt på kven som har sauer på dei ulike beiteområda. Det er også oversikt på dei ulike øyremerkingane og kven du skal henvenda deg til.
Gol beitelag SA, Asle Bråtalien
Beitebruksplan for Gol kommune
Kommunestyre vedtok i møte 27.5.2014, sak 26/14 beitebrukslan for Gol kommune. Beitebruksplan har status som sektor plan, forankra i Handlingsplan for landbruket i Gol.