vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Brann og feiing

Åpen eld i skog og utmark er forbudt frå 15. april til 15. september. I denne perioda er det ikkje lov å brenne bål i skog/mark utan løyve frå lokalt brannvesen (gjeld også eingongsgrill).

Hallingdal brann- og redningsteneste iks er eit interkommunalt brannvesen mellom kommunane Gol, Hemsedal, Ål, Nes og Flå.

Dei har tilhald på Torpomoen på Torpo

Kontaktinformasjon: 
Hallingdal brann- og redningsteneste iks
Torpomoen 27, 3579 Torpo
Mail: feieavdeling@hallingdal-brannvesen.no

Tlf: 966 25 425

Naudtelefon 110.

Skal du brenne bål? Meld frå til 110-sentralen i Drammen på tlf: 333 14 110

Er du bekymra for din eller andre sin brannsikkerheit?

Meld inn di bekymring på branntips.no

Arbeidsområde:

  • tilsyn ved særskilte brannobjekt
  • kurs,øving- og informasjonsverksemd
  • sakshandsaming
  • tilsyn med fyringsanlegg
  • feiing av piper 

Ny forskrift om brannførebygging gjeldande frå 01.01.2016

I den nye forskrifta er det risikoen for brann ved kvart enkelt fyringsanlegg som skal leggjast til grunn for kor ofte feiing og tilsyn skal gjennomførast. I tillegg vart alle fyringsanlegg omfatta av forskrifta, det betyr at alle fritidsbustader, hotell og næringsbygg også skal ha tilsyn og feiing dersom dei har eit fyringsanlegg.

Endringar for bustader

Ei utredning og risikovurdering som vart gjort i alle Hallingdals kommunane i 2016 viser at det skal gjennomførast feiing og tilsyn minimum kvart 8. år, og oftare dersom risikoen tilseier det. Feiaren kartlegg risikoen for kvart enkelt fyringsanlegg/bustad etter alder og tilstand på anlegget, etter fyringsmønster, sotmengde og liknande.

Endringa for bustadeigarane blir derfor at feiaren kan komme sjeldnare eller oftare enn før. 

Endringar for fritidsbustader

Endringar i forskrifta medfører betydelege endringar sidan alle fritidsbustader no er omfatta av forskrifta. I våre kommunar er det vesentleg fleire fritidsbustader enn bustader. Ei utfordring med dette er at fritidsbustader stort sett berre vert nytta i helgane og i feriane. Det blir vanskeleg for kommunen å utføre feiing og tilsyn berre i helgar og feriar. Dersom me skal rekke over alle, er me avhengig av å jobbe i vekedagane.

Vi treng hjelp av deg som hytteeigar:

Alle hytteeigarar har fått eit skriv der dei måtte svare på ulike opplysningar om fyringsanlegget og bruken av dette. Med bakgrunn i denne kartlegginga har Hallingdal brann og redningsteneste organisert feie- og tilsynstenesten for  fritidsbustader. Det kjem sannsynlegvis til å ta fleire år før dei klarar å gå tilsyn/feie på alle hyttene. Det er lagt ut eit spørjeskjema på nett, og vi ønskjer at dette blir fylt ut snarast mogleg. Dykk kan svare enten på nett eller i brevs form.

Fyring med gass

Gasspeiser og sentralfyr er å rekne som fyringsanlegg, og derfor med i tilsynsordninga vår. Dette gjeld ikkje viss gassanlegget berre er knytt opp til ein koketopp eller liknande på kjøkkenet. Piper som blir brukt til gassfyring, blir berre feia på førespurnad.

Feiaren kjem

Det blir sendt ut varsel om feiing og/eller tilsyn nokon dagar før feiaren kjem. Du kan avtale nytt tidspunkt, dersom tidspunktet ikkje passer. For at det skal feiast må det vere klargjort (folk til stades, feielapp utfylt og hengt ut, manglande sikring eller på anna måte gitt klar beskjed om at det kan feiast). Dersom det ikkje er klargjort vil feiing ikkje bli utført, du vil likevel bli belasta med gebyr for oppmøte.

Stige/trinn på tak

Der er krav om at feiaren skal ha ein stige eller trinn på taket for å utføre jobben forsvarlig og i henhald til forskrifta. Me oppmodar derfor alle til å montere stige eller trinn på taket. Feiaren har krav til å risikovurdere faren med å gå på alle tak. Nokon tak, slik som torvtak, kan dei gå på utan stige/trinn når det er tørt og ikkje is. Ved andre forhold medfører det ein fare å gå på same taket slik at jobben ikkje kan utførast. Uansett er risikoen for uhell/ulykker større for ein som går på 25 tak kvar arbeidsdag heile året, enn for ein som kanskje går på taket ein gong i året. Er du usikker på krava til sikker tilkomst på taket for feiaren, kontakt Hallingdal brann- og redningsteneste IKS. 

Røykvarslarar

Den nye forskrifta krev  at du har minst ein  røykvarslar i kvar etasje.

Tall på røykvarslerar  du må ha etter den  nye forskrifta  vert avgjort  av inndelinga av bustaden  i soner, etasjar, tekniske rom og kor mange soverom.

Har du fleire etasjar, skal du no ha ein varslar per etasje. Med opphaldsrom i ein del av huset, våtrom i ein annan del, kan det vere at du må ha enda  fleire varslerar for å tilfredsstilla  krava i den nye forskrifta om brannførebygging.

Sidan det er krav til at alarmen skal kunne høyrast tydelig på opphaldsrom og soverom når alle dørar er stengt, kan det være behov for både fire og fem brannvarslerar i bustaden.

Sjekkliste for røykvarslarar

1. Monter røykvarslarar i alle opphaldsrom. (Det anbefalas at du monterer røykvarslarar i alle opphaldsrom og alle soverom).

2. Plasser røykvarslarane midt i taket. Røyk stig opp til taket. Korrekt plassering av røykvarslar er derfor i midten av taket. Lova seier at den skal plasseras i taket, minimum ½ meter frå veggen.

3. Bruk optisk røykvarslar. Ein optisk røykvarslar reagerer mye tidlegere enn en ionisk røykvarslar ved ulmebrann, og berre kort tid etter ionisk på ein flammebrann.

4. Røykvarslaren skal kunne høyras frå alle rom. Få ein person i familien til å trykke på røykvarslarnes testknapp medan du går frå rom til rom. Ein godkjend røykvarslar skal gi 60 dB, dette lydnivået kan samanliknas med å stå ein meter unna ein støvsugar.

5. Seriekople røykvarslarane. Har heimen din fleire etasjar? Då bør du seriekople alle røykvarslarane slik at dei gir alarm samstundes, uansett kva slags røykvarslar som har utløyst alarmen.

6. Test røykvarslarens batteri og elektronikk. Du bør jamleg teste at batteri og elektronikk fungerer som det skal. Har du vore bortreist i meir enn 14 dagar, anbefaler vi at du sjekkar røykvarslarane når du kjem heim.

7. Test røykvarslarens detektor. Du bør jamleg teste at røykvarslarane reagerer på røyk ved å tenne en spesialfyrstikk.

Kva kostar det?

Sidan det er ulik frekvens på kor ofte det vært gjennomført feiing/branntilsyn i dei enkelte bustadene og fritidsbustadene, vert det fakturert etter at feiing/tilsyn er gjennomført.

Gebyra blir fakturert saman med kommunale gebyr.

Feiegebyr

Meldeplikt til brannvesenet

Husk og at du har meldeplikt til ditt lokale brannvesen dersom du byggjer ny eldstad, byter omn, eller endrar vesentlege forhold ved fyringssystemet ditt. Som for eksempel at du har oppdaga at muren til pipa di blir varmare enn før.

Eksterne lenker

Forskrift om open brenning og brenning av avfall i småomnar i Gol kommune

Forskrift om brannførebygging