vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Avfall og gjenvinning

Renovasjon

I Gol er det Hallingdal Renovasjon IKS som har ansvaret for avfallshandteringa i kommunen. Dette inneber blant anna innsamling av avfall og drift av lokalt avfallsmottak.

Levering av kvist og hageavfall til Hallingdal Renovasjon IKS

Tømmekalender 

Du finn oversikt over kva slags datoar dei forskjellige typar avfall blir henta i tømmekalenderen.

Få tømmekalenderen på mobilen

Du kan laste ned tømmekalenderen som app til mobilen din. Da vil du få din personlige tømmeplan og varslingar om kva som skal tømmast direkte til din mobil.

https://www.hallingdalrenovasjon.no/app/

Opningstider avfallsmottak Klemmavegen

Lokalt mottak i Klemmavegen 35 i Gol (heilt i enden av vegen)

Opningstider:

  • Måndagar kl. 10-19 (12-19 i perioden 01.11 - 31.03)
  • Onsdagar  kl. 10-19 (12-19 i perioden 01.11 - 31.03)
  • Laurdagar kl. 10-14

Kart Klemmavegen 35


Regionalt mottak i Kleivi

  • Måndagar, onsdagar, torsdagar og fredagar kl. 07-15
  • Tysdagar kl. 07-19
  • Laurdagar kl. 10-14

Kart Kleivi

 

For privatpersonar som betaler renovasjonsgebyr er det gratis å levere på avfallsmottakene. Det forutset at avfallet vert levert med personbil med eller utan tilhengar, og at avfallet sorterast ved levering. Er det næringsavfall må du ta kontakt med personalet for prisar.

Kvist og hageavfall

Hallingdal renovasjon sitt mottak for kvist og hageavfall er primært eit tilbod til private abonnentar.

Kvist og hageavfall kvernas og brukas som stukturmateriale i prosessen med kompostering av slam. Det er viktig at det ikkje medfølgjer stein, metall eller anna avfall som kan skade kverneutstyret.

For næringsdrivande tek dei imot kvist og hageavfall så langt dei har behov. Næringsdrivande kan ikkje levere til lokale avfallsmottak i kommunane, da kapasiteten der berre er tilpassa private abonnentar. Næringsdrivande kan levere til Hagaskogen komposteringsanlegg på Torpo i Ål kommune. Slike leveransar må avtalast på forhand.

Vanlege spørsmål om renovasjon

Det har ikkje blitt tømt hos oss

Det kan vere fleire grunnar til at dunken ikkje er tømt:

  • Står dunken din meir enn 5 meter frå vegen?
  • Er dunken overfylt?
  • Er det feil type avfall i feil dunk?
  • Er det forsvarlig måka og/eller strødd?
  • Står dunkane lett synleg?
  • Har du satt fram dunken i rett tid? Setter du frem dunken på tømmedag, skal den settas fram før klokka 06.00.

Er alt i orden og renovasjonsbilen likevel ikkje har vore hos deg, ta kontakt med Hallingdal renovasjon. 

Eg treng å bestille avfallsdunkar

Nye abonnentar som treng avfallsdunkar, må ta kontakt med kommunen. Det blir utlevert dunkar ved bruksløyve/ferdigattest av nye bustader.

 

Eg manglar sekk til plastavfallet

Det vert køyrt ut plastsekkar om våren. Dersom du treng fleire får du det på det lokale avfallsmottaket i Klemmavegen.

Eg treng større dunk

Treng du fleire eller større avfallsdunkar kan du få det.

  • Ønskjer du større dunk til restavfallet ditt, kan du få dette mot eit auke i renovasjonsgebyret. Ta kontakt med kommunen.
  • Ønsker du større dunk til papir/papp eller glas/metall, kan du få dette gratis. Ta kontakt med Hallingdal renovasjon.
Containerrenovasjon/hytterenovasjon

Rundt om i kommunen er det plassert containerar/molokar eller liknande til bruk for bustader med bringeordning og for kommunens hytter. Containerane kan kun nyttast til hushaldningsavfall.

Abonnentar med dunkrenovasjon kan ikkje nytte desse plassane.

Kan eg få fritak frå renovasjonsordninga

Det er felles retningslinjer for fritak som er retningsgivande om du kan få fritak.

Søknadsskjema

Vedtak fatta etter retningslinjene er å sjå på som enkeltvedtak og kan påklagast i henhald til klagereglane i forvaltningslova.

Heimekompostering

Felles retningslinjer for fritak er retningsgivande for å få redusert gebyr ved heimekompostering.

Håndbok i heimekompostering

Neste heimekomposteringskurs: 28.04.2021

Kurset gjennomføres via Microsoft Teams med varighet ca. 1,5 timer.

For påmelding se nettsidene til Hallingdal Renovasjon IKS.

Kan eg dele avfallsdunkar med naboen?

Ja, viss du ønsker å dele dunkar med naboen, kan du ta kontakt med Hallingdal renovasjon.

Fleire spørsmål?

På Hallingdal renovasjon IKS sine nettsider finner du fleire spørsmål og svar.

Du kan og følgje dei på Facebook.

Kjeldesortering

Alle husstandar har behaldarar til

  • Restavfall
  • Papp/papir
  • Emballasje av glas og metall
  • Plastemballasje (plastsekk)
  • Farleg avfall

For informasjon om kjeldesortering og kva som kan kastas kor, sjå sortere.no

Kva kostar det?

Renovasjonsgebyret sendast ut saman med dei kommunale gebyra.

Renovasjonsgebyr

Beregning av kommunale avfallsgebyr

Sjå dine fakturaer frå oss, logg inn med min ID for å sjå dine opplysningar

Ta kontakt med Gol kommune, tenestetorget på telefon 32 02 90 00, dersom du har spørsmål om renovasjonsgebyret.

Brenning av avfall

Det er kommunen som kan tillate kva som kan brennast, soframt ein ikkje har løyve frå Fylkesmannen eller SFT. Brannvesenet skal varslast der brenning kan vere risikofylt eller på tider av året det må gjevast dispensasjon frå brannsjefen.

Det er generelt bålforbod i skogmark eller i nærleiken til skogmark i perioda 15.04 til 15.09.

Ulovleg deponering av avfall

Kommunen vil gjerne ha beskjed om ulovleg dumping eller deponering av avfall.

I samsvar med forureiningslova § 28 (forbod mot forsøpling) skal ingen tømme, etterlate, oppbevare eller transportere avfall slik at det kan virke skjemmande eller vere til skade eller ulempe for miljøet.

Farleg avfall

Farleg avfall kan leverast lokalt mottak på Gol i Klemmavegen eller til behandlingsanlegget i Kleivi i Ål.

Når du leverer farleg avfall, så sørg for at emballasjen er tydeleg merka med opplysningar om innhaldet.

Døme på farleg avfall frå hushald er
  • Reingjeringsmiddel som inneheld farlege stoff
  • Oppladbare batteri (finst eiga returordning)
  • Maling, lim, lakk, løysemiddel og sprayboksar som inneheld farlege stoff
  • Asbesthaldige materiale
  • PCB-haldige isolerglasruter (finst eiga returordning )
  • Impregnert trevirke
  • Ulike elektroniske og elektriske produkt (finst eiga returordning)

Pris: For hushaldningane er det gratis å levere farleg avfall sidan kostnader knytta til dette skal dekkjast over renovasjonsgebyret. Verksemder må betale gebyr ved levering av avfallet.

Næringsavfall

Det er kommunane som har myndighet til å føre tilsyn med bedrifter som har næringsavfall
jf. forureiningslova § 48

Forskrift om innkrevjing av gebyr for tilsyn med eigar av næringsavfall, Gol kommune

 

Hallingdal renovasjon IKS

E-post: Send e-post

Telefon: 32 08 61 10 

Nettside: www.hallingdalrenovasjon.no 

Facebook

 

Nyttige lenker

Avfallsplan 2015 - 2019

Forskrift for avfallsbehandling for Gol kommune

Forskrift om gjennvinning og behandling av avfall

Avfall Norge

Miljøstatus -  avfall

Sortere.no