vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Adressering

Adressering

Besøksadresse:

Gamlevegen 4
3550 Gol

Kontaktperson: Sigrid Breivik

Tittel: Teknikar

Telefon: 32 02 90 65

Ny namnesak - 2020/126 - Røiseskog/Røyseskogen og fleire bruksnamn

Stadnamntenesta hos Kartverket har reist namnesak knytta til skrivemåten for fleire namn i Gol kommune. Lokal høyring vert varsla ved annonse i Hallingdølen. Det er satt frist til måndag 13.juli 2020 for å koma med uttale til bruksnamna for dei aktuelle eigedomane.

Det er Kartverket som har vedtaksrett for skrivemåten av tradisjonelle gards- og bruksnamn, og for naturnamn, dette går òg fram av oversendingsbrevet frå Kartverket, datert 27.05.2020. Enkeltpersonar er varsla med direkte brev, som eigar av eigedom med namn som Kartverket meiner kan få endra skrivemåte i offentlege registre.

Dei aktuelle bruksnamna og eigedomane er vist på namnelista som ligg ved varselbrevet. Kartverket reiser sak, for å vedta den generelle skrivemåten for desse bruksnamna, som vil ha tyding for andre namn (vegnamn, stadnamn) der namnet inngår som del. Dersom du som eigar har merknader til informasjonen frå Kartverket, må du gi tilbakemelding til Gol kommune innan 13.juli 2020. Kartverket er interessert i opplysningar om lokalt nedarva uttale. I tillegg kan de som partar dokumentere skrifttradisjonen, dersom de meiner at det er ein bestemt skrivemåte som skal brukast. Dokumentasjon frå dei siste 100 åra er det som veg tyngst i ei slik namnesak.

Vi hentar nokre eksempel frå lista, som kan forklare mogleg framgangsmåte i namnesaka:

ü  Gnr. 26, bnr. 158 er på kart og i offentleg materiale skrive både Røiseskog og Røyseskogen. Skal namnet skrivast med –i- eller -y-, og i bestemt eller ubestemt form? Skrivemåten gjeld òg eigedomar som er utskilt frå gbnr. 26/17 og gbnr. 26/21. Eigarane må gje ei tilbakemelding, i skriftleg form til Gol kommune, om korleis de meiner bruksnamnet skal skrivast. Kopi av dokument som viser den aktuelle skrivemåten bør leggast ved.

ü  Gnr. 15, bnr. 6 er i kartet skrive både Gjerdene og Gjerdun – kva er rett etter eigar si meining? Er ein anna skrivemåte den korrekte? Bruksnamnet er i Matrikkelen registrert som Kjernsæt.

ü  Leikvoll/Leikvollen/Leikvolden/Lekvolden/Legvolden – fleire ulike skrivemåtar på ulike eigedomar. Kva er rett etter eigarane si meining? Har de dokument som stadfestar skrivemåten frå gamal tid? Eigarane må gje ei tilbakemelding, i skriftleg form, til Gol kommune, om korleis dei meiner bruksnamnet skal skrivast.

Vi oppfordrar alle interesserte til å engasjere seg i namnesaka. Vi har plukka ut nokre lag og organisasjonar som får varslinga til informasjon. Lokale lag og organisasjonar kan uttale seg om skrivemåten for namn som dei har særleg knyting til, dette går fram av brevet frå Kartverket. Vedtak som vert gjort av Kartverket, vil styre korleis namna kjem fram på karta våre, og korleis vi i det offentlege i ettertid skal skrive namna. I tillegg kan det bety endra skrivemåte for bruksnamnet til eigedomen i Matrikkelen.

Spørsmål om vidare saksgang kan rettast til Sigrid Breivik – Gol kommunehus.

Generell informasjon - namn og adresser

I media har det dei seinare åra vore fleire oppslag om ambulansepersonell som har vanskar med å finne fram, noko som kan gå på liv og helse laus. Det same gjeld når politi og brannvesen rykkjer ut. For drosjer, ved post- og varelevering og for kvar einskild av oss, betyr det mykje at vi har eit enkelt og lettfatteleg adressesystem.

Statens kartverk har som mål at alle husstandar, hytter og bedrifter (brukseiningar) i landet skal vera adressert med vegnamn og husnummer innan utgangen av 2014. I Gol kommune har ca. 46 % av brukseiningane vegadresser ved utgangen av august 2014. Grunneigarane får tilsendt kart og informasjon om kva husnummer dei er tildelt, og har 3 vekers uttalefrist. Grunneigarar, og aktuelle lag og lokale organisasjonar, vil bli invitert til å koma med forslag til namn på dei vegane som ikkje har fått noko formelt namn enno.

Innbyggarane i Gol kommune er velkomne til å engasjere seg i prosessen; vi tek imot innspel og forslag til vegnamn undervegs. Utval for Kultur og levekår er vårt organ som fattar vedtak om namn, Utbyggingsavdelinga er dei som set vedtaket ut i «livet» ved å gjennomføre omadressering og varsling. Vi håpar at de ser kor viktig dette arbeidet er, og – aller viktigast – at de lærer dykk og brukar den nye adressa de får tildelt.

Her finn du ei alfabetisk liste over dei vegnamna vi allereie har i Gol kommune per februar 2019.

Medan du ventar på å få tildelt adresse, kan du skrive ut ein nødplakat (sjå under) slik at utrykkingskøyretøy kan finne fram.

http://kartverket.no/kart/nodplakat/

Vedtak i namnesak 2016-2, del 2 - Nøreimsvollen

Namnesak vart starta ved brev til Kartverket datert 15.04.2019, knytta til bruksnamnet på gbnr. 13/3, og med tanke på namnsetting av vegnr. 3000 aust for Ørterstølen. Kartverket har fatta vedtak i brev datert 01.07.2019, postført 04.07.2019. Vedtaket vert kunngjort av Gol kommune i Hallingdølen laurdag 13.07.2019.  Part i saka vert gjort kjent med vedtaket i eiget brev.

Eigarar og festarar som har eigedom som får endra skrivemåte for bruksnamnet på eigedomen, vert varsla om vedtaket ved eiget brev, og har klagerett etter § 10 i lov om stadnamn. Ei eventuell klage skal rettast til Kartverket, postboks 600 Sentrum, 3507 Hønefoss, og vera sendt innan 10.08.2019. Endra skrivemåte for bruksnamnet vert lagt inn i SSR og Matrikkelen av Kartverket i løpet av hausten.