vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Herad barnehage

Om Herad barnehage

Herad barnehage ligg solrikt til i grenda Herad ved Riksveg 7, 4 km aust for Gol sentrum.

  • Barnehagen har fem avdelingar.
  • Avdelingane heiter Gaupefaret, Elgtråkket, Revehiet, Bikuba og Maurtua.
  • Barnehagen er godkjent for inntil 96 plassar.
  • Barnehagen har to småbarnsavdelingar i 1. etasje med barn frå 1 – 2 år.
  • Barnehagen har tre avdelingar i 2. etasje (hovudetasjen):
    • Ein mellomavdeling for barn i alderen 2-3 år.
    • To avdelingar for barn i alderen 3 – 5 år.
  • Det er to Uteleikeplassane er adskilt for barna oppe og nede og tilpassa alderstrinna.

Barnehagen har eit veldig stort uteområde med eigen utplass tilpassa alderstrinna for kvar etasje. I tillegg er det ein flott fotballbane som også vert brukt til "grendafotball" for barn som bur i grenda på kveldstid. Barnehagen har også skogsområder både innanfor og utanfor gjerdet som gjer at det er gode muligheiter for allsidig leik og aktivitetar. Nærmiljøet er også prega av landbruk og husdyr.

I tillegg til leikeareal for fem avdelingar inne er det ein stor sal som kan brukast til fysiske aktivitetar for heile barnehagen.

Uteliv er ein viktig del av barnehagens innhald  og det blir lagt vekt på å gje barna tid og rom til å utfalde seg i leiken. Barna skal i barnehagen få oppleve vaksne som er undrande, medopplevande og som gir barna mestringsopplevingar og utfordringar i kvardagen. 

Årsplan for Herad barnehage 2021

 

 

Herad barnehage

Besøksadresse:

Liagardsvegen 25
3550 Gol

Telefon: 32 02 91 25

Kontaktperson: Gry Bækken

Tittel: Dagleg leiar

Telefon: 32 02 91 26

Kontaktperson: Ingrid Rødningen

Tittel: Assisterande dagleg leiar

Telefon: 32 02 91 27