vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Breidokk barnehage m. Hallingmo

Om Breidokk barnehage

Breidokk barnehage ligg sentralt i Gol sentrum, eit bygg rett aust for vidaregåande, og eit bygg rett aust for helsetunet. Det er gangavstand på ca. 700 meter mellom einingane. Avdelingane har felles leiing og eit godt samarbeid mellom borna og dei tilsette.

Barnehagen har til saman fire avdelingar:

Avdelingane heiter Stabburet, Løa og Stallen med besøksadresse Tunvegen 3, og naturavdeling Hallingmo med besøksadresse Gymnasvegen 21
Barnehagen er til saman godkjent for inntil 84 plassar.
Barnehagen har to småbarn-/mellombarnavdelingar for barn på 1-2 år (9-12 barn) og 1-3 år (12-15 barn)
Dei to største avdelingane har barn frå 3-5 år (18-24 barn)

Avdeling Hallingmo opna som eigen naturavdeling i august 2019 med vekt på gode naturopplevingar og fysisk fostring.
Det blir lagt vekt på å sjå avdelingane i ein heilskap. Ein del fri leik og aktivitetar er felles.
Avdelingane med store barn frå begge einingane samarbeider minst ein gong i veka om skuleførebuande aktivitetar. Det same  gjer tre- og fire åringane. Avdeling Løa har i tillegg vekentleg faste leikeaktivitetar saman med den private familiebarnehagen.

I gangeavstand frå barnehageavdelingane ligg leirplassen "Smiu" med grillhytte og skikkeleg omn som naturavdelinga nyttar mykje saman med andre turområde i nærmiljøet. Dei andre avdelingane nyttar også ofte desse mogelegheitene ute. Det er eit variert nærmiljø med idrettsarenaer, skog og mark som heile barnehagen brukar aktivt. Barnehagen får også bruke den store salen til ungdomsklubben ved behov. 

Barnehagen har barn frå ulike kulturar og ynskjer å vere ein barnehage som legg stor vekt på omsorg, trivsel og tryggleik for alle, og arbeidar spesielt for eit inkluderande leikemiljø.

Årsplan for Breidokk avdeling Hallingmo 2020

Bilder av barnehagane

Breidokk barnehage

Besøksadresse:

Gamlevegen 4
3550 Gol

Telefon: 32 02 91 20

Kontaktperson: Marita Magnetun

Tittel: Dagleg leiar

Telefon: 32 02 91 20

Kontaktperson: Marie Bjørke - har permisjon i 2020

Tittel: Assisterande dagleg leiar

Telefon: 32 02 91 20