vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Betalingssatsar i Barnehagen

Betalingssatsar/betalingsreglement og moderasjonsordningar

Kommunestyre har vedteke fylgjande betalingssatsar/betalingsreglement for 2018:

1. Betalingssats og syskenmoderasjon

Antal dagar Ordinær sats

Barn nr. 2

30% moderasjon

Barn nr. 3 eller fleire

50% moderasjon

5- dagars plass

kr. 2 910,- kr. 2 037,- kr. 1 455,-
4- dagars plass kr. 2 600,- kr. 1 820,- kr. 1 300,-
3- dagars plass kr. 2 100,- kr. 1 470,- kr. 1 050,-
2- dagars plass kr. 1 650,- kr. 1 155,-

kr.  825,-

Kjøp av ein dag kr. 400,- pr dag, ved ledig kapasitet for fast deltidsplass.

Det er like satsar for kommunal og privat barnehage. 

2. Moderasjonsordningar for hushaldningar med låg inntekt.

a) Ingen familiar skal betale meir enn 6% av inntekta for ein barnehageplass. Ein familie som kan, eller hushaldning som kan dokumentere ei samla skattepliktig kapital- og personinntekt på mindre enn kr. 533.500, jf. siste sjølvmelding, kan søkja om redusert betalingssats. 

Det skal søkast om redusert sats på elektronisk skjema.

b) Gratis kjernetid for 3-, 4- og 5- åringar.

3-, 4 - og 5- åringar, og barn med utsett skulestart, som bur i hushaldningar med låg inntekt har rett til 20 timar gratis opphaldstid i barnehage per veke. Administrasjonene tilpassar tilbodet til 3 dagars plass dersom ein berre vil nytte 20 timar gratis. Familiar som har ei samal inntekt på mindre enn 533.500 jf. siste skattemelding, kan søkje om redusert betalingssats. Ordninga gjeld frå start av nytt barnehageår det året barnet fyller 3 år.
Frå 01.08.19 vil ordninga også gjelde 2-åringar.

Det skal søkast om redusert sats på elektronisk skjema

c) Generell informasjon om ordningane

Søkjarar som har rett på begge ordningar, skal sende søknad berre ein gong.

Det er klageadgang i h.h.t. gjeldande lovverk.

Familiar som ikkje har norsk personnummer eller bankID skal nytte papirskjema.

Søknadsfrist er sett til 15.juni som gjeldt frå komande barnehageår.
Ein kan søkje gjennom heile året.

Vedtak om redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid gjeldt for eit barnehageår om gongen. Ny søknad må sendast for kvart barnehageår med ny dokumentasjon for inntekt. Når foreldre/føresette søkjer etter søknadsfristen vil reduksjonene gjelde frå fyrste heile månad etter vedtaket er gjort.

Her finn du meir informasjon om nasjonale ordningar for reduksjon av foreldrebetaling.

3. Gebyr ved for sein henting i barnehagen

Foreldre/føresette som ikkje hentar barnet innafor barnehagen si opningstid, må etter ei skriftleg åtvaring betale kr. 300.- pr. påbegynt halvtime.

4. Friplass

Ved behov for friplass utanom moderasjonsordninga må foreldre/føresette henvende seg til Gol kommune v/ Nav Gol og Hemsedal, Gamlevegen 4, 3550 GOL, tlf. 55 55 33 33.

5. Mat i barnehagen

a) Fylgjande satsar er vedteke i Samarbeidsutvalet for Gol barnehage 31.10.18, gjeldande frå 01.01.19:

Breidokk:
Drikke /frukt kvar dag og måltid 1 dag pr veke
Vesterhuset:
Drikke/frukt kvar dag og måltid 2 dagar pr veke
Herad og avd Hallingmo i Breidokk:
Drikke/frukt og måltid kvar dag
Antal dagar Pris  pr. mnd        
5 dagars plass Kr. 150.-

5 dagars plass

Kr. 200,- 5 dagars plass Kr. 300,-
4 dagars plass Kr. 120.- 4 dagars plass Kr. 160,- 4 dagars plass Kr. 240,-
3 dagars plass Kr. 90.- 3 dagars plass Kr. 120,- 3 dagars plass Kr. 180,-
2 dagars plass Kr. 60.- 2 dagars plass Kr. 80,- 2 dagars plass Kr. 120,-

b) Mat og drikke i barnehage skal væra sjølvfinansiert og kjem i tillegg til sats for foreldrebetaling. Ordninga gjeldt både frukt/grønnsaker, mjølk/anna drikke, lunsjmåltid ( 1-5 pr veke, sjå under).

d) Pris for 2 dagars plass gjeldt også om barnet ikkje har barnehageplass på dag med måltid.

6. Utsending av faktura

Det vert sendt ut faktura for 11 månader.
Forfallsdato 20. i kvar månad
Juli er betalingsfri månad og føreset at barnet har tre heile veker sommarferie i tillegg til at barnehagen er stengt jul og påske.

7. Manglande betaling

Ved manglande betaling i meir enn 2 månader, vert det sendt varsel om oppseiing av barnehageplassen.