For dei som er 75 år eller eldre
Ny oppfriskingsdose anbefalast til aldersgruppa 75 år og eldre, og sjukeheimsbebuarar. For dei fleste vil dette være 5. dose. Ei ny dose vil vere særleg aktuell for dei som ikkje tidlegere har gjennomgått SARS-CoV-2-infeksjon, og for dei som har ein eller fleire underliggande risikofaktorar. Det bør ha gått meir enn 6 månader sidan forrige dose.
For dei som er 65 år eller eldre
Folkehelseinstituttet (FHI) tilrår ei oppfriskningsdose (4. dose) med koronavaksine for personar 65 år og eldre. Anbefalingen om å ta ny oppfriskningsdose gjeld og om du nyleg har gjennomgått ein koronainfeksjon.
Gjennomgått sjukdom vil imidlertid gje deg god beskyttelse den første tida etter at du har være sjuk og du kan difor avvente i 3-4 måneder før du vaksinerast med ny dose.
Om man allikevel ynskjer ei oppfriskningsdose tidligare kan den gis forutsatt at det har gått minimum 3 veker etter tilfriskning, men eit lenger tidsintervall vil gje ein betre immunrespons. Anbefalt intervall sidan forrige vaksinedose bør væra minimum 4 månader.
For dei som er mellom 18-64 år
FHI har opna opp for at alle over 18 år kan få 4. dose med koronavaksine.
Det er inga sterk anbefaling, men ein mogleighet for dei som sjølv ynskjer det. Har du gjennomgått koronasjukdom bør det gå 3-4 månader før ei 4. dose koronavaksine.
Du kan lese meir på FHI sine sider:
https://www.fhi.no/sv/vaksine/koronavaksinasjonsprogrammet/koronavaksine/#oppfriskningsdoser
Me sender ikkje ut invitasjon om koronavaksinering no.
Dei som ynskjer vaksine kan ta kontakt med vaksinetelefonen
på 457 23 560 for time.
Vaksinetelefonen er open tysdag og torsdag mellom kl. 09.00 – 11.00