vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Val 2019

I 2019 skal det gjennomføras kommunestyre- og fylkestingsval. Den offisielle valdagen er måndag 9. september 2019.

Godkjente vallister for kommunestyrevalet

Valstyret har godkjent fylgjande lister til kommunestyrevalet:

Arbeiderpartiet

Fremskrittspartiet

Høyre

Kristeleg Folkeparti

Senterpartiet

SV - Sosialistisk Venstreparti

Venstre

Vallistene blir lagt til gjennomsyn på Tenestetorget og Gol bibliotek.

Ifylgje vallova § 6-8 er det klagerett på godkjende listeframlegg. Klagefristen er 10.mai. Ev. klage rettast til: Valstyret, Gamlevegen 4, 3550 Gol eller på e-post til postmottak@gol.kommune.no.

Kommunestyrevalet i Gol kommune - FOR VELJARAR 

Du kan førehandsrøysting frå 10. august. - 6. september 2019.
Tid og stad for førehandsrøystinga vert kunngjort. Du kan førehandsrøyste i den kommunen du sjølv ynskjer. Røysta di blir sendt til den kommunen du er folkeregistrert som busett 30. juni 2019.

Om du førehandsrøyster i ei anna kommune enn heimkommunen din, får du utdelt ein røystesetel som er påført namn på dei registrerte politiske partia. Denne røystesetelen inneheld ikkje kandidatnamn. Du må då krysse av for eller skrive på kva parti/gruppe du vil røyste på. Du kan også sjølv skaffe røystesetel frå kommunen din og bruke denne om du ynskjer å gje personrøyster til kandidatar på lista. 

Du kan førehandsrøyste utanriks frå 1. juli 2019.
På Jan Mayen og Svalbard kan du førehandsrøyste til og med 6. september 2019 med mindre sysselmannen på Svalbard fastsett ein annan frist. På øvrige utenrriksstasjonar er siste frist for å førehandsrøyste 30. august 2019.

Merk at du er sjølv ansvarleg for å røyste så tidleg at røysta kjem fram i posten innan tyrsdag 10. september 2019 kl. 17.00. 

Fylkestingsvalet

Akershus, Buskerud og Østfold fylker slås saman til Viken frå 1. januar 2020.

Du kan førehandsrøyste til fylkestingsvalet samstundes som du røyster til kommunestyrevalet.

Informasjon om fylkestingsvalet finn du på Viken fylkes hjemmeside.

 

Informasjonsbroskyre

Informasjonsbroskyre på fleire språk.

 

 

Røysterett og manntall

Du har røysterett ved kommunestyre- og fylkestingsvalet om du oppfyller eitt av desse krava:

  • Du er norsk statsborgar og har fylt 18 år innan utgangen av 2019 og er, eller har vore, registrert busett i Noreg.
  • Du er statsborgar i andre nordiske land (det vil seie Danmark, Island, Finland eller Sverige) som har fylt 18 år innan utgangen av valåret, og som har vore registrert busett i Noreg seinast 30. juni i valåret.
  • Du er annan utanlandsk statsborgar som har fylt 18 år innan utgangen av valåret, og har vore registrert busett i Noreg samanhengande dei tre siste åra før valdagen. I dette tilfellet er det eit krav at butida har vore samanhengande.

Meir informasjon finn du på val.no

Valkort og legitimasjon

Valkort

Alle veljarar får tilsendt valkort. Valkortet blir laga ut frå folkeregisteret sine opplysningar om kvar du er busett 30. juni i valåret. Det er adressa denne datoen som avgjer i kva kommune du har røysterett og står i manntalet. På valkortet finn du informasjon om vallokale og opningstid på valdagen.

Me oppfordrar deg til å ta med valkortet då det forenklar arbeidet for valfunksjonærane og det vil gå raskare for deg å røyste. Har du ikkje motteke valkortet i posten, eller har mista det, kan du likevel møte opp for å røyste.

Legitimasjon

Alle som skal røyste må ha med gyldig legitimasjon (pass,førarkort eller bankkort med bilete).

Leiar i valstyret: Ordførar Heidi Granli, tlf. 91673900, e-post - heidi.granli@gol.kommune.no

Sekretær for valstyret : Mona Hagen, tlf. 91673907, e-post - mona.hagen@gol.kommune.no