vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Vedtekne reguleringsplanar

Vedtekne reguleringsplanar

Reguleringsplanar blir vedteke av kommunestyret. Når ein plan er vedteken, kunngjer kommunen vedtaket i avisa og i brev til naboar og partane det gjeld, med ein klagefrist.  

Brovoll boligområde - detaljregulering

Plankart for området, føresegner for området, vedtaket i UNN sak 060/18, planomtale,

planendring juni 2019

 

Bråten massetak M2 - detaljregulering

Plankart for området

føresegner for Bråten massetak

Deler av Storøyne og Pers resort - reguleringsplan

Plankart - sist revidert 19.06.2015.

Føresegner for planområdet, sist revidert 22.06.2015.

Saksframstilling til sluttbehandling i UNN og kommunestyret.

Vedtak i Gol kommunestyre 16.06.2015, sak K 028/15.

Gol vest næringspark - reguleringsplan

Planen vart vedteke av Gol kommunestyre 21.06.2016 i sak K 047/16.

 

Guriset Høyfjellshotell - reguleringsplan

 

Hagaskogen boligområde - reguleringsplan

Vedteke av Gol kommunestyre 15.12.2015, sak K 094/15. Vert kunngjort i avisa laurdag 9.januar 2016.

 

Hemsedal golf alpin F8 (Hemsedal) og F11 (Gol) - detaljregulering

Gol kommunestyre har i sitt møte 05.09.2017, sak 054/17, vedtekeplan for overnemnde område. Planvedtaket vart kunngjort i Hallingdølen laurdag 21.01.2017, og klagefrist vert 13.11.2017.

 

Klemmavegen 6 - reguleringsplan

Planen vart vedteke av Gol kommunestyre 21.06.2016, i sak K 046/16.  Reguleringsplan for del av Vesterhuset, gnr.14 bnr.417, Planid 1979001, skal opphevast.

 

Petterbråten, del av B2 - reguleringsplan

Gol kommunestyre har i møtet 19.05.2015 gjort vedtak i sak K 015/15 for reguleringsplan for Petterbråten - del av område B2.

Plankart

føresegner for Petterbråten B2

saksframlegg til UNN og kommunestyret

vedtak

 

Petterbråten B4 - reguleringsplan

Reguleringsplanen vart vedteke av Gol kommunestyre i møte 21.06.2016 som sak K 048/16. Planen legg til rette for utbygging på 65 tomter, med inntil 104 nye bueiningar. Det er avsatt byggeområde for høgdebasseng. Plankartet har i tillegg områder for samferdselsanlegg, grønnstruktur og friluftsformål. Planområdet har avkøyring frå fv51 Valdresvegen via Pettertrøa.

Dokument knytta til kunngjering av planvedtaket.

Planvedtaket vart påklaga, og klaga er behandla av Gol kommunestyre 22.11.2016 i sak 096/16. Kommunestyret opprettheld sitt tidlegare vedtak, og klaga er difor sendt til Fylkesmannen i Buskerud (FMBu) for endeleg avgjerd.

 

Renovasjonsplass Golsfjellet aust - områderegulering

Vedteke i Gol kommunestyre 30.04.2019, sak 033/19. Kunngjort i avisa Hallingdølen tysdag 07.05.2019.

Plankart og føresegner, vedtak i kommunestyret.

 

Sentrumskvartalet - detaljregulering

Detaljreguleringsplanen vart vedteke av Gol kommunestyre 29.01.2019 i sak K 001/19. Revidert plankart og føresegner for planområdet.

 

Skagahøgdi, Gol skipark - reguleringsplan

Planen vart vedteke av Gol kommunestyre i møte 03.03.2015 som sak K 008/15. Planen legg til rette for bygging av inntil 172 frittliggande fritidseiningar, 5 områder for konsentrert utbygging, 6 områder for næringsutbygging. I tillegg er det satt av område for eksisterande bustad, samferdselsanlegg, grøntstruktur, LNFR-område og omsynssoner.

Plankart

Føresegner

Kommunestyrets vedtak

Saksframlegg - sluttbehandling

Endring av reguleringsplan for Skagahøgdi vart vedteke av Utval for Natur og næring i møte 18.09.2019 som sak 052/18. Endringa gjeld for område NB6 og omfattar byggeområde for fritidsbebyggelse, kombinert bebyggelse og anleggsføremål, skianlegg, grøntstruktur m.m.

Føresegner

Plankart

Plankart - vertikalnivå 1

Plankart - vertikalnivå 3

Vedtak Utval for Natur og næring

Saksframlegg

 

Storefjellstølen - reguleringsplan

Reguleringsplan for Storefjellstølen vart vedteke av kommunestyret 21.11.2017. Endring av reguleringsplanen vart vedteke av kommunestyret 05.05.2020, som sak K 024/20. Endringa gjeld plankart og føresegner, og er knytta til utnyttingsgrad, høgde, parkering og justering av veg.

 

Storøyne, del I - detaljregulering

Planen for Storøyne del I vart vedteke av kommunestyret 30.01.2018 i sak 001/18. Planen er kunngjort ved annonse i Hallingdølen 24.02.2018, og frist for klage er 18.03.2018.

 

Øvre Kamben - reguleringsplan

Gol kommunestyre vedtok i sitt møte 18.06.2019, sak K 042/19, reguleringsplan for Øvre Kamben. Planen legg til rette for endring av føremål frå kombinert område/turistføremål til tomter for sal, vise faktisk situasjon for skiløyper, vegar m.m. og noko fortetting i høve til tidlegare planar.

Reguleringsplanen vart endra i Utval for Natur og næring 04. februar 2020, der eigedom gnr. 23, bnr. 176 fekk endra utnyttingsgrad slik at den no kan byggast med tre hytter, mot ein tidlegare.

 

Åsli, del av gnr. 5, bnr. 230 - reguleringsplan

Gol kommunestyre vedtok i sitt møte 08.03.2016, sak K 017/16, revidert reguleringsplan for Åsli

Planen legg til rette for fortetting i feltet, med 13 nye tomter, slik at det no er 45 tomter totalt.