vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Reguleringsplan

Ein reguleringsplan er kommunen si måte å styre utviklinga av eit område på. Korleis skal vi bu? Kor skal vi har parker og fritidsområde?

Kva er ein reguleringsplan

Ein reguleringsplan er ein politisk vedteken plan over eit avgrensa område. Reguleringsplanen bestemmer korleis område kan brukast og kva som kan byggast der. 

Planen består av eit kart med konkrete føringar for kva formål eigedomen har og kva som kan gjerast på eigedomen, til dømes kor høgt og stort du kan bygge. Dersom du planlegg å bygge på ein eigedom, må du fyrst undersøke kva for ein reguleringsplan som gjeld for den aktuelle eigedomen. 

Gjeldande planar finn du informasjon om på kommunekart.com eller via kommunen sin kartportal. 

To typar reguleringsplanar

Det finnes to typar reguleringsplanar: områderegulering og detaljregulering. 

Områderegulering nyttast der det er behov for store områdevise avklaringar eller der det er stor kompleksitet eller mange ulike interesser som skal ivaretakast. Områdereguleringsplanene vert utarbeidd i hovudsak av det offentlege. 

Detaljregulering vert nytta for å følge opp og konkretisere overordna arealdisponering i kommuneplanen sin arealdel eller områderegulering. Denne planforma kan også nyttast for større areal dersom planarbeidet har liten kompleksitet. Private aktørar sin forslagsrett er knytt til detaljreguleringsplan. Detaljreguleringsplnanar vert utarbeidd både av private og av det offentlege.