vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Kunngjering

Robru bustadfelt - planendring

I medhald av plan- og bygningslovas § 12-12 har Gol kommune v/Utval for Natur og næring vedteke følgjande planendring. UNN har vedteke endring av reguleringsplan for nemnde område. Det er regulert byggeområde for 11 bustadtomter, steinbrudd/masseuttak, leikeområde, grøntstruktur, LNFR-område, samferdselsanlegg som vegareal m.m. Endringa gjeld føresegnene for området. Planområdet har avkøyring frå Øvre Hemsedalsvegen. 

Planen vart vedteke av Utval for Natur og næring 29.05.2018 i sak 037/18, i samsvar med plan- og bygningslovas §§ 12-4 og 12-12.

Partar i saka vert varsla ved særskilt brev. Kommunen sitt vedtak kan i samsvar med plan- og bygningslovas § 12-12, jfr. forvaltningslovas kap. VI, påklagast til departementet. Ei eventuell klage må vera skriftleg og sendast til Gol kommune, Gamlevegen 4, 3550 GOL, innan 01.07.2018. Eventuelle krav om erstatning eller innløysing må fremjast innan 3 – tre – år frå denne offentlege kunngjeringa av reguleringsvedtaket, jf. plan- og bygningslovas §§ 15-2 og 1-9. Eventuelle krav må fremjast skriftleg til Gol kommune.

 

 

Detaljregulering for Storøyne del I

I medhald av plan- og bygningslovas § 12-12 har Gol kommune vedteke Detaljplan – Storøyne del I. Planen vart vedteke av Gol kommunestyre 30.01.2018 i sak 001/18, i samsvar med plan- og bygningslovas §§ 12-4 og 12-12. Planen legg til rette for utbygging av arealkrevjande volumhandel på Storøyne, med avkøyring frå Hahaugvegen. Del av reguleringsplan for Storøyne – Pers Resort, Planid:2008009 og del av Områdeplan for deler av Vikojordet og Storøyne, Planid:2012010 vert oppheva.

Partar i saka vert varsla ved særskilt brev. Kommunen sitt vedtak kan i samsvar med plan- og bygningslovas § 12-12, jfr. forvaltningslovas kap. VI, påklagast til departementet. Ei eventuell klage må vera skriftleg og sendast til Gol kommune, Gamlevegen 4, 3550 GOL, innan 18.03.2018. Eventuelle krav om erstatning eller innløysing må fremjast innan 3 – tre – år frå denne offentlege kunngjeringa av reguleringsvedtaket, jf. plan- og bygningslovas §§ 15-2 og 1-9. Eventuelle krav må fremjast skriftleg til Gol kommune.

 

Fastsatt planprogram for kommunedelplan for Gol tettstad

Gol kommunestyre har i sitt møte 13.06.2017, som sak 038/17, fastsatt planprogrammet knytta til revisjon av kommunedelplan for Gol tettstad. Vedtaket vert varsla ved annonse i avisa Hallingdølen laurdag 24.06.2017. Planprogrammet er tilgjengeleg på Gol kommunehus; tenestetorget, på Gol bibliotek.