Kva er ein kommuneplan
Kommuneplanen er kommunen sin overordna styringsdokument, og består av tre delar:
- Samfunnsdel som viser utviklingsretning og mål.
- Arealdel som viser lokalisering av kvardagsfunksjonar som heim, bustad og arbeid/fritid (med arealplankart og føresegner).
- Handlingsdel som viser tiltak for å nå måla.
Kommuneplan for Gol 2011 - 2023
Gol kommunestyre vedtok tysdag 06.09.2011 - i sak K 038/11, revidert kommuneplan for Gol kommune.
Gol kommunestyre vedtok med heimel i lov om planlegging og byggesaksbehandling §§ 11-15 og 11-16, kommuneplanens arealdel 2011 – 2023. Kommuneplanen består av arealplankart og tilhøyrande føresegner datert 19.09.2011 i samsvar med møteprotokoll i kommunestyresak K 38/11, datert 06.09.2011.
Kommunestyrets vedtak om kommuneplan kan ikkje påklagast, jf. lov om planlegging og byggesaksbehandling § 11-15.
Unntatt frå rettsverknad, jf. § 11-16 er utviding av område K1 på Einarset.
Offentlege instanser og dei som har hatt innspel til planen vil motta eige kunngjeringsbrev om dette. Jf. PBL § 11-15.
I samsvar med § 15-1 har grunneigarar i visse tilfelle rett til å krevje innløysing etter vedtak av kommuneplanens arealdel.
Oppdatert plankart etter mekling med Fylkesmannen i Buskerud
bestemmelser og retningslinjer, sist revidert 19.09.2011
Kommunedelplan for Gol tettstad 2006 - 2015
Vedtatt 05.09.2006
Kommuneplanens samfunnsdel 2018 - 2030
Gol kommunestyre har vedeke kommuneplanens samfunnsdel i sak K24/18 den 12.06.18.