vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Høyring og kunngjeringar

Høyringar og kunngjeringar

Utbyggingsavtale mellom Gol kommune og W. G. Handel:

Utbyggingsavtale mellom W.G Handel og Gol kommune blir lagt ut til offentleg ettersyn i perioden 14.09 - 26.10 i samsvar med § 17-4 i plan- og bygningslova. Avtalen gjeld Sentrumsvegen 94 og bidrag til infrastruktur. Avtalen vart varsla i Hallingdølen laurdag 14. september. Eventuelle merknader og spørsmål til planarbeidet må gjerast før 26.10.2019.

Bagatellmessige endringar:

I medhald av plan- og bygningslovas § 12-14 har Gol kommune godkjent følgjande endringar av reguleringsplanar:

Områdeplan for Hallingmo

Endringa vart godkjent av administrasjonen 02.05.2019, delegert frå UNN. Endringa gjeld regulering av gangveg langs Sagvegen.

COOP, K-N1 og K-B4

Endringa vart godkjent av administrasjonen 22.05.2019, delegert frå UNN. Endringa gjeld fjerning av rekkefølgjekrav.

Utbyggingsavtale - Guriset høyfjellshotell

I medhald av plan- og bygningslova § 17-4 kunngjer Gol kommune Utbyggingsavtale for Guriset høyfjellshotell. Utbyggingsavtala vart godkjent av kommunestyret 18.06.2019 i sak 44/19, og kommunestyret gav ordføraren fullmakt til å signere avtala på vegne av Gol kommune.

Øvre Kamben - kunngjeringar

Planvedtak

I medhald av plan- og bygningslova §12-4 og 12-12 har Gol Kommune vedteke detaljreguleringsplan for Øvre Kamben. Planen vart vedteke av kommunestyret 18.06.2019 i sak 042/19. Planen legg til rette for endring av føremål frå kombinerte områder inklusiv turistføremål til tomter for sal. Forslaget viser faktisk situasjon for skiløyper, vegar m.m, og noko fortetting sett i høve til opprinneleg plan. Partar i saka har vorte varsla ved særskilt brev. I tillegg vart vedtaket kunngjort ved annonse i Hallingdølen laurdag 29. juni. Kommunen sitt vedtak kan i samsvar med plan- og bygningslovas §12-12, jfr. Forvaltningslovas kap. VI, påklagast til departementet. Ei eventuell klage må vera skriftleg og sendast til Gol Kommune, Gamlevegen 4, 3550 GOL, eller på e-post til postmottak@gol.kommune.no, innan 24.07.2019.

Eventuelle krav om erstatning eller innløysing må fremjast innan 3 – tre – år frå denne offentlege kunngjeringa av reguleringsvedtaket, jf. Plan- og bygningslova §§15-2 og 1-9. Eventuelle krav må fremjast skriftleg til Gol Kommune.

Oppdaterte filer i samband med vedtaket:

Utbyggingsavtale

I medhald av plan- og bygningslova § 17-4 kunngjer Gol kommune Utbyggingsavtale for Øvre Kamben. Utbyggingsavtala vart godkjent av kommunestyret 18.06.2019 i sak 43/19, og kommunestyret gav ordføraren fullmakt til å signere avtala på vegne av Gol kommune.

Renovasjonsplan for Golsfjellet aust

Gol kommunestyre har vedteke reguleringsplanen i møtet 30.04.2019, sak 033/19, i medhald av plan- og bygningslova § 12-4 og 12-12. Partar i saka vert varsla ved særskilte brev. Kommunen sitt vedtak kan i samsvar med plan- og bygningslova § 12-12, jfr. forvaltningslovas kapittel VI, påklagast til departementet.

Oppdaterte filer i samband med vedtaket:

Ei eventuell klage må vera skriftleg og sendt til Gol kommune, Gamlevegen 4, 3550 GOL, eller på e-post til postmottak@gol.kommune.no innan onsdag 29.mai 2019. Eventuelle krav om erstatning eller innløysing må fremjast innan 3 - tre - år frå denne offentlege kunngjeringa av vedtaket, jamfør plan- og bygningslova §§ 15-2 og 1-9. Eventuelle krav må fremjast skriftleg til Gol kommune.

Planprogram for kommuneplanens arealdel

I medhald av plan-  og bygningslova § 11-13 har Kommunestyret fastsett Planprogram for kommuneplanens arealdel - Gol kommune 2018 - 2030 den 19.02.2019 i sak 8/19.

Oppdatert planprogram er lagt ut på Gol kommunehus, tenestetorget og Gol bibliotek. Frist for innspel til til kommuneplanens arealdel er 23. april 2019.